Hareid IL:

Ønskjer fleire jentelag

J11 Dette er det yngste jentelaget i Hareid IL Fotball, men no ønskjer dei å få på plass fleire lag i jentefotballen.   Foto: Hareid IL.

Fotball

Etter fleire år med mange lag i jentefotballen er det no blitt eit gap under 11-åringane. Det ønskjer Hareid IL å gjere noko med.

I ein artikkel på nettsidene til Hareid IL går det fram at styret i fotballgruppa har vedteke at ein ønskjer å melde på så mange lag som mogleg for jenter i alderen sju til ti år.

Dette fordi det per i dag er J11 som er det yngste jentelaget i klubben.

Styreleiar Einar Orten Trovåg skriv i innlegget at ein ser føre seg å gjennomføre ein kickoff rundt skulestart i august og at det då blir høve for interesserte å møte opp og prøve seg.

Samstundes ber Hareid IL foreldre og føresette som kan tenkje seg å bidra om å ta kontakt allereie no.


Den nye fotballeiaren i Hareid IL:

– Bli med oss