Hødd tapte 4-2

Etter ein horribel første omgang klarte ikkje Hødd skape balanse i rekneskapet etter å ha dominert i andre omgang mot Strømmen.

  Foto: Per Werkeland

Fotball

Strømmen opna med skot på Ørjan Nyland i kampens første minutt. Minuttet etter fekk dei corner. Etter svak klarering av Moltu på corneren, vart ballen sendt inn igjen i feltet, og der fekk ein Strømmen-spelar heada ballen i mål, til høgre for keeper Nyland. 1-0.

Etter 7 spelte minutt mista Hødd ballen og Strømmen sette fart på høgresida si. Innlegget vart avslutta rett over målet til Hødd.

Hødd svarte umiddelbart med flott angrepsspel, men Helland, som var i offside, øydela sjansen.

Etter 13 minutt kom Strømmens andre mål, ut av ingenting.

Hødd følgte ikkje med i timen då Strømmen fekk kast på venstresida. Colin Nkee scora sitt andre for dagen då han blir kasta igjennom av backen. Både konsentrasjon og duellstryrke mangla for Hødd frå start.

Fem minutt seinare vart Nkee nesten spelt gjennom på nytt, men Steffen Moltu fekk klarert.

Kort tid etter kom Strømmen til ein ny kjempesjanse. Ein strømmenspelar fekk avslutta etter innlegg frå venstre, men Nyland redda meisterleg.

Hødd følgte opp med ein halvsjanse då Bendik Torset fekk skutt frå 15 meter. Men skotet vart for svakt og rulla til utspel for Strømmen.

Etter ein snau halvtime kom Strømmen seg igjen rundt på kanten, høgre denne gongen, men ingen fekk pirka innlegget i mål.

Eit par minutt seinare kom Hødd til sin første sjanse for dagen. Det flotte angrepet vart ført an av Kazeem. Til slutt fekk Sivert Heltne Nilsen avslutta frå 10-12 meter. Ballen gjekk til corner.

Corneren til Hødd vart til ei farleg Strømmen-kontring. Ballen blei spelt inn bak Klock, som ropte på offside, noko det truleg ikkje var. Åleine med Nyland bomma heldigvis Strømmen-spelaren på mål.

Medan Hødd gjorde seg klare til å gjere to bytte i angrepet, fekk Strømmen sitt tredje mål. Steffen Moltu prøvde å flikke vekk ei klarering, men ein Strømmenspelar snappa ballen og sette inn 3-0 etter 32 minutt.

Rett etterpå vart Pål André Helland bytta ut for Espen Standal. Kort tid etter sov Steffen Moltu igjen i Hødd-forsvaret og Nkee kom åleine med Nyland, som redda.

Så gjorde Hødd sitt andre bytte, då Elias Nonso Lala kom inn for landsmannen Kazeem Ahmed.

Rett før pause kom Hødd til sin andre sjanse då Karlsen avslutta midt på heimelaget sin keeper.

Viste andre takter etter pause

Hødd gjorde sitt tredje og siste bytte i pausen, då Ørjan Engen Grimstad gjekk ut for Michael Karlsen. I tillegg la dei om formasjonen til 3-5-2, der dei tre midtstopparane danna bakre 3-ar.

Og Hødd opna godt med ein farleg corner, der Strømmen-keeperen var på bærtur. Men ingen fekk sett ballen i mål.

Hødd holdt oppe trykket og kom til ein ny stor sjanse kort tid etter. Bendik Torset kom åleine med keeper frå venstre, men skaut utanfor.

Minuttet etter reduserte bortelaget, etter å ha skjerpa seg totalt i starten av andre omgang. Erik Sandal fekk ballen på 16-meteren, etter flott angrepsspel på høgresida til Hødd. Han finta vekk ein strømmenspelar og sendte ballen ned i venstre hjørne.

Men det gjekk ikkje lang tid før Hødd fekk ein i fleisen. To minutt etter reduseringa, fekk Strømmen corner. Etter litt klabb og babb i feltet, stanga ein Strømmen-spelar ballen i mål bak Nyland.

Etter målet i mot tok Strømmen over igjen, men Hødd svara fort.

I kampens 62. minutt varta Torset, Standal og Lala opp med fantastisk spel. Torset utfordra på kanten av 16-meteren og sendte ballen vidare til Standal som slo gjennom Lala som putta ballen i mål til 4-2.

i det 67. minutt vann Lala ballen frå henda til Strømmen-keeperen, men vart diverre dømt frispark i mot.

Rett etter kom ein Strømmen-spelar åleine med Nyland, men han vart avblåst for offside.

To minutt seinare skaut Ørjan Engen Grimstad over frå 20 meter.

Kort tid etter kom Hødd, som dominerte banespelet, til enda ein sjanse. Erik Sandal skaut frå 20 meter mot det lengste hjørnet, men Strømmen-keeperen avvergar på glimrande vis. På den påfølgjande corneren redda keeper på strek då ein Hødd spelar fekk foten på ballen.

Minuttet etter reduserte innbyttar Espen Standal, tilsynelatande, men han stod diverre i offside, etter å ha blitt lobba gjennom av Lala.

Med 10 minutt igjen av ordinær tid, vart keeper Ørjan Nyland med fram på det offensive frisparket til Hødd. Men det heile enda i kast, og keeperen måtte jogge tilbake i målet sitt.

Før dommaren bles av kampen kom Hødd med eit par farlegheiter, mellom anna eit skot frå Ruben-Kenneth Brandal.

Etter tre minutt tilleggstid makta ikkje Hødd å score fleire mål, etter klar dominans i andre omgang. Kampen endar diverre 4-2 til heimelaget.

Hødd (4-3-3): Ørjan Nyland - Akeem Latifu, Fredrik Klock, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Bendik Torset, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Pål Andre Helland (Espen Standal 32.), Michael Karlsen (Ørjan Engen Grimstad 45.), Kazeem Ahmed (Elias Nonso Lala 34.).

Ørjan Nyland *

Sivert Heltne Nilsen *

Ørjan Engen Grimstad *

Fotball