– Eg har spelt med brot i kneskåla i tre kampar, fortel midtbanespelaren til Vikebladet Vestposten.

Beit i seg smertene

Hagen har spelt 20 kampar for Hødd i serie og cup denne sesongen, men etter at Hødd starta opp att etter sommarpausen har han merka eit problem i eine kneet.

– Men så er ikkje eg typen som går og klagar så mykje eller kjenner så godt etter. Eg har bite det i meg og prøvd å gjere alt eg kan for at Hødd skal få tre poeng, fortel Hagen.

Rivjernet på midtbanen til Hødd fekk sitt sjette gule kort i serien då Hødd spelte 1–1 mot VIF 2 laurdag, og måtte uansett stå over den komande kampen mot Egersund. Skaden i kneet betyr likevel at det truleg blir nokre kampar til på sidelinja for Hagen.

– Normalt tar dette fire til fem veker, men eg trur og håpar eg er klar om to og ei halv veke, seier Hagen.

Må ofre seg for opprykk

Han fortel vidare at han går til røntgen kvar femte dag og at det elles blir mykje alternativ behandling. Hagen seier også at han ikkje har fått trene for fullt den siste tida.

– Det har sjølvsagt vore vondt, men det er ein sjølvfølgje å ofre seg når ein kjempar om opprykk!

Til helga ventar ein tøff kamp mot eit Egersund-lag i god form på Høddvoll. Deretter skal Hødd møte Vidar borte og Brattvåg heime, to kampar der Hødd på papiret er klare favorittar, men så ventar bortekampar mot Bryne og Arendal før Skeid kjem til Høddvoll.

Håpar han snart er tilbake

Hødd-trenar Sindre Eid slår fast at det ikkje er heldig at Hagen no ser ut til å miste nokre kampar.

– Vi skulle helst hatt han klar allereie i morgon. Eg håpar sjølvsagt at han er tilbake så snart som råd. Vi er inne i ein periode av sesongen der vi ønskjer at alle skal vere tilgjengelege, men slik er det dessverre ikkje akkurat no. Difor får vi håpe at dei som er klare leverer, fortel Eid.

Hagen sjølv fortel at han har eit ørlite håp om å rekke bortekampen mot Vidar, og at han føler seg trygg på å vere tilbake til lokaloppgjeret mot Brattvåg.