Hareid har vore gode på heimebane så langt i år med sju poeng på tre kampar. Men torsdagens motstandar på Hareid stadion, Ørsta, er nok betre enn laga som har besøkt Hareid tidlegare i år.

Sist runde vann Ørsta 4-1 heime mot Emblem. Ingen andre lag har slått Emblem i årets 4.-divisjon.

Hareid har eitt poeng på dei to siste kampane, men har totalt sett opna sesongen greitt med 13 poeng på sju kampar. Så spørst det om det kan bli poeng også mot Ørsta.

Martin Nikolai Longva, Thor-Ove Brekke og Joar Møller er framleis ikkje tilgjengelege. Truleg stiller Hareid enn tropp nokså lik den som vart mønstra mot FK Sykkylven sist veke.

PS. Den åttande runden i 4.-divisjon vart tjuvstarta i kveld då Emblem vann 5-0 borte mot Skodje.