Sindre Eid går tilbake til rolla som hovudtrenar i Hødd etter eit års pause. Sist tok han Hødd til ein 4.-plass i Obosligaen, men no er det ei annleis utfordring som ventar, etter klubben sitt nedrykk til 2.-divisjon.

– Eg trengde det året. Som eg sa då så var eg sliten i fjor etter seks strake år rundt A-laget. Då kjendest det rett å ta ein pause og det var nok bra. Men no kjennest det like rett å ta fatt igjen. Vi må kome i gang att, finne litt tilbake til det Hødd står for som klubb, med knallhardt arbeid, mykje trening og gjennom å pushe grensene heile tida, seier Eid.

På veg inn i ein sesong med spel i PostNord-ligaen må Hødd bygge seg opp att som klubb, men det ser ut til å vere noko som gir ekstra motivasjon for Sindre Eid.

– No må vi bygge eit nytt lag, og det er noko av det eg synest er interessant. Det var også litt det vi gjorde i 2014, då vi mista ein del nøkkelspelarar. Vi har eit spanande utgangspunkt, med spelarar som har ein del erfaring og vi veit at det kjem opp ein del spanande spelarar som vi må fase inn i laget i løpet av dei komande åra.

Kjente seg ønska

Ein skal ikkje snakke lenge om Hødd med Sindre Eid før ein forstår at klubben betyr mykje for 42-åringen. Det er også ein stor del av grunnen til at han no har funne tilbake til motivasjonen som trengst for å stå i den krevjande hovudtrenarrolla.

– Det handlar om eit sterkt kjærligheitsforhold til klubben. Eg brenn verkeleg for denne klubben og når ein kjenner seg så sterkt ønska som det eg var no så vart det vanskeleg å seie nei.

Og ei av oppgåvene til Eid blir å finne tilbake til Hødd-fotballen. Men han blir ikkje åleine om oppgåva.

– Det er veldig kjekt at vi i dag kan presentere eit trenarteam med fire Høddarar, som står for det Hødd står for. Hødd-fotball er å springe og legge ned ein veldig innsats i kvar kamp. Vi skal angripe motstandar, skape sjansar og score mål. Det handlar om å aldri gje seg. Kva er Hødd-spelet? For meg handlar det om å springe meir enn motstandar i kvar kamp, og så skal ein supplere det med pasningsspel, godt angrepsspel og mykje scoringar. Men for å kome dit skal det gjerast ein jobb no utover vinteren, seier Eid.

– Ein god miks

Det siste året har Eid hatt ansvaret for Hødd-rekruttane saman med Einar Magne Skeide. Dermed har han god oversikt over både spelarane som har representert A-laget det siste året, men også eit godt bilete på kven av dei unge spelarane som kan vere med på å bidra i tida framover.

– Det vil bli ein god miks. Vi må ha ein stamme i laget som gjer at vi kan vere med å kjempe om eit opprykk, samstundes som vi sakte, men sikkert gir dei unge spelarane tryggleik, tillit og moglegheiter. Vi kan ikkje sette inn alle på ein gong, men i løpet av dei neste åra må vi få fleire og fleire inn i laget slik at vi kan bygge eit Hødd-lag med stor lokal identitet. Det er to jobbar her. Ein er å bygge eit mannskap som kan rykke opp, helst neste år. Den andre blir å fase inn fleire unge spelarar som skal vere Hødd si framtid.

Og med seg på den jobben får Eid Arild Sundgot, som vender tilbake til Hødd etter 20 år i Lillestrøm. Der har Sundgot dei siste åra jobba mykje med å hjelpe unge spelarar til å ta steget inn i A-laget.

– Arild er ein flink mann, med mykje erfaring som spelar, og no også ein del erfaring som trenar. Han kjem til å bli veldig viktig for oss i prosessen med å bygge eit nytt lag. Han veit kvar lista ligg og kva som skal til for å nå dei måla ein ønskjer. Det er godt å ha Arild heime igjen, avsluttar Sindre Eid.

Les også: - Skal tilbake til det Hødd står for