Fana var aldri med på notane på Høddvoll søndag. Allereie etter 15 minutt kunne heimelaget ha scora både tre og fire mål, men måtte nøye seg med 1–0 frå Torbjørn Kallevåg. Han enda til slutt som tremålsscorar, medan Robin Shroot sette inn 2–0 minuttet etter pause. Hødd vann 4–0 og var suverent best.

På dei fire siste kampane før Fana kom til Høddvoll hadde Hødd sleppt inn ti baklengsmål. Fana hadde eit par bra moglegheiter, men skapte totalt sett svært lite på Høddvoll. Det var likevel det offensive spelet som imponerte mest frå heimelaget.

Har vore noko på gang

– Mykje handlar om relasjonar og sjølvtillit. Den siste månaden har vi sett at ting gradvis har blitt betre. Sjølv om vi tapte mot Fram og mot Bryne så såg ein at det var noko på gang og det var eigentleg berre eit tidsspørsmål før det losna. Det ser det ut til at det har gjort no, og det var utruleg kjekt å sjå kampen i dag. Det verka som at kvar gong vi gjekk i angrep så blei det farleg, seier trenar Sindre Eid.

Han legg til at han synest Hødd gjorde ein betre jobb med å variere spelet.

– Vi ønskjer å vere veldig framoverretta i spelet vårt, men det er ikkje alltid ein skal vere det. Dersom motstanden ligg veldig kompakt og ein prøvar å spele gjennom så er det lett å få brot. Vi må prøve å få flytta på motstandar, vende spelet og så skal vi bryte gjennom når vi får meir rom. Det synest eg vi var gode på. Vi var også gode når vi kom rundt på kant og får slått innlegg.

Mykje tempo

Både det første og det siste målet mot Fana kom på denne måten, der Daniel Eid vart spelt fri på høgresida og fekk slått inn framom mål. Hødd skapte mange sjansar på denne måten mot Fana og kunne godt ha scora fleire enn dei fire ein enda på.

– Det skjer fordi vi klarar å ha mykje tempo. Det fell litt i periodar, men vi har også veldig gode periodar der vi får flytta mykje på motstandar. Når vi då får hurtige spelvendingar til Didrik (Sereba) eller Daniel (Eid) så vil vi skape noko kvar gong, seier trenaren.

Med tre nye poeng søndag, samt sigeren over Odd 2 tidlegare i veka, byrjar Hødd å nærme seg laga framom seg på tabellen. Opp til Vidar på femteplass er det berre tre poeng, men Hødd skal ut i to tøffe bortekampar dei komande vekene. Eid er klar på at Hødd ønskjer å klatre så mykje som råd utover hausten.

– Vi skal nyte dette i dag og i morgon, og så skal vi jobbe hardt vidare. Vi skal verte vanskelege å ha med å gjere utover. Hødd skal ta mange poeng utover hausten og vi ser oppover på tabellen. Det er godt å få eit lag som byrjar å sitte igjen med trepoengarar. Det er godt både for meg og resten av trenarteamet, spelarane og alle som er glade i Hødd, seier Eid.

Neste kamp for dei blåkvite er borte mot Nardo. Deretter ventar tabelltoar Nest-Sotra. Heime på Høddvoll er det først kamp igjen 17. september, då mot Notodden.

Hødd – Fana 4 – 0 (1–0)

Høddvoll

Dommar: Thomas Solund Lystad, Kolstad Fotball

Gule kort: Mads Berg Sande

Mål: 1–0 Torbjørn Kallevåg (5), 2–0 Robin Shroot (46), 3–0 Torbjørn Kallevåg (64), 4–0 Torbjørn Kallevåg (69)

Hødd: Ole Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Bendik Torset (Andreas Breimyr 75), Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg (Eirik Franke Saunes 75), Didrik Sereba – Robin Shroot, Robin Hjelmeseth (Badr Rahhaoui 75)