Hødd 2 opna haustsesongen med å tape for Bergsøy heime på Høddvoll, men laget slo raskt tilbake. Torsdag vart det siger borte mot Godøy.

Allereie etter 13 minutt tok bortelaget leiinga. Hødd fekk straffe og Johannes Sundgot var sikker frå krittmerket.

Då laga møttest på Høddvoll tidlegare denne sesongen var det spel mot eit mål i store delar av kampen. Då hadde Godøy knapt avslutning på mål, men denne gongen måtte Sivert Pieroth fleire gongar i aksjon for å halde på nullen.

Daniel Haanes ordna Hødd si andre scoring etter at både Peter Hasund og Badr Rahhaoui hadde vore nære, og Preben Sætre heldt på å sette kveldens tredje kort tid før pause, men stolpen hindra ny Hødd-scoring.

Rahhaoui skulle teikne seg på scoringslista, og sette inn 0-3 eter 54 minutt. Det var hans første på fem kampar for Hødd 2, og det tredje totalt i Hødd-drakta denne sesongen.

Bortelaget skulle legge på eitt mål til før sluttsignalet og det var det William Fjørtoft som stod for. Han klemte til frå om lag 16 meter og kveldens fjerde var eit faktum.

Dermed vil det framleis vere minst fire poeng ned til Bergsøy etter denne serierunden.

Andre kampar i 4.-divisjon:

Torsdag:

Hareid - Emblem 1-2

Norborg - FK Sykkylven 0-0

Fredag:

Volda - Langevåg

Rollon - LGFK

Bergsøy - Skarbøvik