Tidlegare denne veka vart det offentleggjort at Fredrik Klock (31) gir seg i Hødd etter denne sesongen. Det betyr at kapteinen avsluttar Hødd-karrieren med cupfinale mot Tromsø.
- Eg er først og fremst letta for at eg skal avslutte med cupfinale. Det er slikt ein drøymer om, men det er sjeldan draumar går i oppfylling, smiler Klock i samtale med vikebladet.no dagen før dagen.
- Hadde du gitt deg uansett korleis denne sesongen enda?
- Ja, eg hadde det. Eg er glad for at eg slepp å avslutte Hødd-karrieren med nedrykk og tap i NM-semifinalen. Det hadde vore kjipt.
- Kvifor gir du deg no?
- Det har med totalsituasjonen å gjere. Eg fekk eit jobbtilbod eg ikkje kunne takke nei til. Samtidig held vi på å bygge hus, og eg har to jenter som blir eldre og skal ha oppfølging.
- Legg du heilt opp eller blir du å sjå i lågare divisjonar?
- I utgangspunktet legg eg skorne på hylla. Det er farleg å vere bastant, men i første omgang tar eg i alle fall ein fotballpause.
- Kriblar deg i magen dagen før dagen?
- Ikkje akkurat no, men det kjem nok når det nærmar seg meir. Vi er jo så unge og naive veit du, så eg håper ikkje alle forstår kor stort det er, flirer Fredrik Klock.
"Vi skal vere dei siste som går opp, for å få utdelt gullet vårt" syng Exposed To Failure i den offisielle cupfinalesongen til Hødd.
Og går Hødd sist opp trappa er det Klock som skal løfte kongepokalen.
Det vil vi i så tilfelle kalle avslutning med stil.