Per Rune Tødenes tek over som ny trenar for 3.-divisjonslaget Larsnes/Gursken FK. Det melder lgfk.no.

Assistentar blir dei same som i 2012, det vil seie Andreas Rekdal og Anders Vaagen. I år var Bjartmar Rekdal hovudtrenar, men han gir seg. Vaagen skal vere spelande hjelpetrenar, medan Rekdal truleg får ny kontrakt med Hødd.

Per Rune Tødenes har dei to siste sesongane trena Bergsøy. I år enda dei på ein oppløftande 5.-plass i 3.-divisjon. Tidlegare har han trena mellom anna Hødd 2. Tødenes er busett i Ulstein, men kjem opphavleg frå Sande.