Oppsummering 1. omgang

* 2.min: Espen Standal går i bakken like innanfor bortelagets 16-meter. Dommar Petter Toppe gir ørstingen gult kort for filming.

* 9. min: Bortelaget slit med å klarere eit hjørnespark. Etter mykje klabb og babb får Steffen Moltu lada kanonen. Det forsøket går eit par meter over tverrliggaren.

*15. min: Ein KIL-forsvarar er uheldig og headar ballen mot eige mål. Ballen stryk stolpen og går ut til hjørnepark. Det hamnar i grepet til keeper Kim Deinoff.

* 22. min: Eitter eit innlegg frå høgre kjem KIL seg til ein skotposisjon, men keeper Andreas Lie ordnar opp.

* 32. min: Magnus Myklebust header inn mot Martin Ellingsen på femmeteren. Törnqvist reinskar unna.

Oppsummering 2. omgang

* Dei fleste av sjansane har kome på dødball for laga.

* Mykje halvsvegs til begge lag, utan dei heilt store sjansane.

* Kampen bølgja mykje fram og tilbake, og kriginga skjedde mykje rundt midtbana.

* 81. min: På eit hjørnespark står Sivert Nilsen heilt åleine og prikkar inn leiarmålet.

* 86. min: Henry Shindika får to sjansar til å heade inn utlikinga, men begge går utanfor målet.

Kampfakta:

6. runde Adeccoligaen 2013

Hødd - Kongsvinger 1-0 (0-0)

Høddvoll

Tilskodartal: 1722 selde billettar og sesongkort

Mål: 1-0 Sivert Nilsen (81)

Dommar: Petter Kristiansen Toppe, Bergen Nord FK

Gult kort: Espen Standal, Hødd. Olav Tuelo Johannesen, KIL.

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnqvist, Steffen Moltu, Ruben Brandal - Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes (Bendik Torset, 76) - Pål Helland (Rune Ertsås, 87), Erik Sandal, Joachim Magnussen – Espen Standal (Vegard Heltne, 61)

FØR KAMPEN:

På dei fyrste fire seriekampane i årets sesong har Hødd berre tapt éin kamp så langt. Det tapet kom i serieopninga mot Fredrikstad, og sidan då har ikkje Lars Arne Nilsens menn gått av bana utan poeng. Det gjer at Hødd står med fem strake sigrar på rad i både cup og serie.

Sist Hødd og Kongsvinger møtte kvarandre var det tidlegare Hødd-spelar Magnus Myklebust som vart tunga på vektskåla. Hødd leia 0-1 til pause på Gjemselund stadion, men to skåringar frå Myklebust i andre omgang sørgja for at Hødd til slutt tapte 2-1.

Hødd har derimot eit godt utgangspunkt til dette oppgjeret. Etter ein sterk bortesiger mot Strømmen sist helg er det heilt klart at Hødds lag er i siget for tida. Eit positivt løft for laget er at Espen Standal har skåra jamt så langt i 2013. Ørstingen står med to seriemål og eitt cupmål på dei fem kampane har har spelt hittil. I tillegg var han veldig sentral då Aursnes senka Stabæk for nesten to veker sidan.

Også Joachim Magnussen og Pål André Helland har gjort sakene sine bra i angrepet, samtidig som laget verkar langt tryggare defensivt i år samanlikna med same periode i fjor.

Hødds lag:

Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Sivert H. Nilsen, Fredrik Aursnes, Erik Sandal - Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen

Les også:

* Sandal friskmeldt

* Aursnes forlenga

* Magnus senka FFK

* - Dei var hakket betre (2012)