Heimelaget Kristiansund BK tok leiinga ved Henrik Rolland etter sju minutt. Markus Hjorthaug utlikna for Hødd etter 27 minutt. Berre minuttet seinare gjekk KBK opp i 2-1 ved Espen Jakobsen.

Like etter halvtime kom 3-1 då Ole Rødahl fann nettmaskene. 4-1 kom kvarteret før slutt ved Ole Sandvik. Fleire mål vart det ikkje.

Hødd 2 starta med dette laget: Jan Lennart Urke - Alexander Eksund, Tobias Nygård Vibe, Mathias Grimstad, Eirik Kristiansen - Eirik Heltne, Henrik Gjengår, Henrik Grimstad - Nils-Erik Engen, Robin Hjelmeseth, Markus Hjorthaug.

Kjelde: smp.no

Meir om kampen i neste papirutgåve av Vikebladet Vestposten.

Etter heimesigeren mot Bergsøy i første runde har Hødd 2 tapt tre strake seriekampar. Allereire torsdag kjem neste sjanse til poeng når Surnadal tek turen til Ulsteinvik. Dette nordmørslaget tok sine første poeng for året då dei vann 1-0 mot AaFK 2 i dag.

Før kampen