* Det var 23-åringens første mål etter overgangen frå Hødd seint i juli, og også Hellands første på dette nivået. Han la eit frispark frå 20 meter perfekt nede i lengste hjørne. Høgrevingen kom inn frå benken etter 72 minutt.
* Den utleigde Hødd-spelaren Akeem Latifu spelte heile kampen då Aalesund berre klarte 1-1 heime mot Start.
* Morten Moldskred, som opna kunstgrasbana i Haddal laurdag, starta då Tromsø tapte 1-0 borte mot Haugesund.
* Fjorårets beste Hødd-spelar, Ørjan Håskjold Nyland, var målmann då Molde tapte 5-2 borte mot Strømsgodset.
* Oddbjørn Lie (Hødd-spelar i to periodar) starta som vanleg då HamKam spelte 1-1 heime mot Vard Haugesund i Adeccoligaen.
* Magnus Myklebust starta då Kongsvinger spelte 1-1 borte mot Fredrikstad laurdag.
Resultat denne Tippeliga-runden:
Odd - Brann 1-3, Sogndal - Viking 1-0, AaFK - Start 1-1, Sandnes Ulf - Rosenborg 2-3, Strømsgodset - Molde 5-2, Hønefoss - Sarpsborg 3-1, Vålerenga - Lillestrøm 1-1, FK Haugesund - Tromsø 1-0.
Adeccoligaen:
Fredrikstad - Kongsvinger 1-1, Stabæk - Hødd 2-1, Bodø/Glimt - Mjøndalen 2-0, HamKam - Vard Haugesund 1-1, Kristiansund BK - Follo 4-2, Ranheim - Ull/Kisa 2-0, Strømmen - Elverum 2-0. Sandefjord - Bryne blir spelt i morgon.