Kampen går inn i 1. NM-runde. Fortuna Ålesund spelar i 1.-divisjon, medan Hødd held seg på nivået under. Fortuna vann 5-3 då laga møtte kvarandre i ein treningskamp tidlegare i år.

Dagens kamp går i Sunnmørshallen. I fjor nådde Hødd 2. NM-runde, men det skuldast at Jølster trekte seg frå den første runden.

Fortuna har opna seriesesongen med to poeng på tre kampar. Hødd har éin pinne etter tre rundar. Det høver med å nemne at Hødd har møtt tre lag som venteleg skal kjempe i toppen, to av dei på bortebane.

Vikebladet Vestposten er til stades under dagens NM-kamp. Følg med på vikebladet.no i kveld.

Les også:

* Nidelv - Hødd 2-2* Byåsen - Hødd 4-1

* Hødd - Lillestrøm 0-9 (2012)