Hittil denne sesongen har Hødd sitt 3.-divisjonslag tre sigrar og fem tap. Alle sigrane har kome på heimebane, seinast 3-2 mot Stranda sist veke.

Dagens motstandar Spjelkavik har overraska positivt og ligg på 4.-plass etter vel halvspelt runde. Vinn "Vika" i dag er det oppe på 2.-plass.

Hødd 2 ligg før kveldens kampar like over streken, men kan klatre opp i midtsjiktet med tre poeng i kveld.

Den 8. runden i 3.-divisjon avdeling 9:

* Elnesvågen OIL - Larsnes/Gursken FK 5-1* Surnadal - Bergsøy 0-1* Sunndal - Brattvåg 1-3* Stranda - Averøykam. 5-3* Spjelkavik - Hødd 2.-lag (i dag)* Kristiansund BK 2.-lag - Herd (i dag)* Volda - AaFK 2.-lag (i dag)

Tabell