HØDVOLL (Hødd-Tromsø 0-2) Hødd må roe meir ned med balen, meiner Fredrik Aursnes.

Han var endå ein gong dominerande på Hødd si midtbane. Men Aursnes fekk sitt tredje gule i serien og må stå over mot Kristiansund BK om ni dagar. 18-åringen tek også på seg skulda for 0-1, då Remi Johansen stod umarkert inne i feltet.

- Eg synest 1. omgang var jamn. Då var vi stort sett solide. Dei scora på dødball, men det såg ikkje ut til å prege oss. Utover i 2. omgang viste Tromsø at dei var betre enn oss. Spesielt den siste halvtimen var det lite som stemte for vår del. Vi såg ikkje opp og klarerte ballen vekk når vi fekk han, men spelte utan mål og meining. Vi må roe ned meir når vi har ballen, seier Fredrik Aursnes.

- Vi kan betre

Tromsø såg langt tryggare ut med ball enn Hødd gjorde. Spesielt utover i kampen var det ikkje mykje struktur å sjå i Hødd-spelet. Bortelaget frå nord gjorde stort sett som dei vil.

- I dag var Tromsø betre enn oss. Eg meiner vi kan betre enn dette. Men vi får det ikkje heilt ut. Det er skuffande, sidan vi spelte ein god bortekamp mot Bærum sist. Vi veit at vi kan, meiner Joachim Magnussen.

- Formasjon ikkje viktigast

Han starta åleine på topp i ein slags 4-5-1/4-3-3-formasjon. Hødd slo ofte langt på Magnussen. Av og til vann han duellane -  andre gonger ikkje. Uansett var det i fleire periodar for få som jobba rundt Magnussen. Kantane starta ofte for seint til å kunne ta seg av nedfallsfrukta. Etter timen kom Espen Standal inn og Hødd la om til 4-4-2. Både Magnussen og Standal kom til éin sjanse kvar denne perioden.

- Ønskjer du helst å spele med éin eller to spissar, Joachim?

- Det legg eg meg ikkje opp i. Formasjonen er ikkje det viktigaste. Mot Bærum fungerte kampplanen godt. I dag var Tromsø solide, og dei får ikkje mange sjansar imot seg, seier Hødd-spissen.

Som er glad for at Hødd no kan legge inn ei god treningsveke fram mot neste kamp. Då kan dei både trene skikkeleg og få jobba med strukturen i laget.

- Ein solid kamp

Sjølv om sjansestatistikken var jamn (3-3) er det ingen kontroversiell påstand å seie at Tromsø vann fortent. Den profilerte trenaren Steinar Nilsen var sjølvsagt heilt einig i det.

- Vi vann fortent. Eg synest vi spelte ein solid kamp. Vi er proppfulle av sjølvtillit om dagen og skapte mykje i dag. Vi var nærare både 3-0 og 4-0 enn dei var redusering. Og til eldre kampen vart til større vart overtaket. Vi jobba mykje med det fysiske i vinter. Og det ser vi igjen her i dag, seier den tidlegare AC Milan-proffen til Vikebladet Vestposten.