Det første kvarteret spelte begge laga enkel fotball. Etter ni minutt stod Damian Hugo Cruz for dagens første skot som gjekk like utanfor. Etter dryge 20 minutt blei truleg Lars Andreas Dahlen Folkestad snytt for straffe då han blei felt, men dommar Steinsbu dømte corner i staden. Etter dryge halvtimen la debutanten Øyvind Hagen inn frå venstresida, men avslutninga frå Folkestad var ikkje god nok. Resten av omgangen skapte FKS eit par sjansar etter innkast. Høgrebacken Noralf Haugseth kasta langt inni feltet fleire gongar, men keeper Vagn Scheide Mork hadde ein god dag i buret. 0-0 til pause var greitt.

Hareid opna 2. omgangen med ei tidleg scoring. Etter 47 minutt vart Folkestad felt. FKS-keeperen redda straffa, men dommaren meinte at han hoppa ut frå streken for tidleg. På andre forsøket scora Ørjan Engen Grimstad. Etter målet pressa Hareid høgt, men FKS utlikna. Etter ein corner sette Håkon Hanssen inn returen frå ca. 15 meter. Like etter utlikninga fekk gjestane frispark i god posisjon, men Hanssen trefte stolpen. Både Vattøy, Folkestad og Grimstad hadde sjansar for å score, men lukkast aldri. Bortelaget hadde eit par sjansar, men Mork redda alt. 1-1 var nøytralt sett eit OK resultat.

Kaptein, keeper og banens beste, Vagn Scheide Mork, sa dette etter kampen:

- FKS spelte direkte og var eit vanskeleg lag. Sjølv om vi hadde eit par store sjansar var det alt i alt eit greitt resultat.

Kampfakta

4.-divisjon runde 7

Hareid - Sykkylven 1-1 (0-0)

Hareid stadion

Tilskodarar: Ca. 70

Mål: 1-0 Grimstad (str. 47), 1-1 Hanssen (57)

Dommar: Bjarte Eldar Steinsbu, Brattvåg IL

Gule kort: Haugseth (FKS)

Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 67), Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Øyvind Hagen, Alexander Nevstad – Håkon Orten Trovåg (Runar Stranden 83), Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen (Christer Adrian Mork 73) – Lars Andreas Dahlen Folkestad

*** V. S. Mork, ** Grimstad, * Hagen

Andre 4.-divisjonsresultat i dag:

* Godøy - Skodje 5-0* Valder - Rollon 4-2* Ørsta - Emblem 4-1* Langevåg - Volda 0-2 * Blindheim - Stranda 1-3

Hareid ligg på femteplass seks poeng bak Volda på topp.