Totalt har 480.440 tilskodarar sett fotball rundt om på stadionane i Obos-ligaen denne sesongen. Naturleg nok er det Brann som har vore det største trekkplasteret, og som er den klubben som har høgast tilskodarsnitt på nest høgaste nivå. Snittet til Brann enda på 10.124 på heimekampane, men det var også ein nedgang på 15,53 prosent etter nedrykket frå Tippeligaen.

Etter Brann er det Fredrikstad med eit snitt på 4332 og Sogndal med 2879 som kjem høgast på tilskodartabellen, men som på den endelege serietabellen kjem Hødd på ein fjerdeplass. I løpet av sesongen har det vore 30.998 tilskodarar på seriekampar på nye Høddvoll, noko som gir eit snitt på 2067. Det er til dømes meir enn Strømmen, Bærum og Ranheim til saman.

Av klubbane som også spelte i dei to øvste divisjonane i 2014 er det berre Strømmen som har opplevd ein større prosentvis tilskodarvekst enn Hødd. Strømmen har auka talet på tilskodarar med imponerande 42,15 prosent, men har samstundes berre eit snitt på 528 tilskodarar per kamp, noko som er lågast i Obos-ligaen. Hødd sitt tilskodartal har auka med 38 prosent sidan den siste sesongen på gamle Høddvoll.

Ser ein dei 14 laga under eitt er tilskodarsnittet i Obos-ligaen på 2002, og Hødd er ein av dei fire klubbane som er med på å trekke dette snittet opp. 2002 er det høgaste tilskodarsnittet i 1.-divisjon sidan 2008.

Tilskodarrekorden på nye Høddvoll kom allereie i 3. serierunde, då Brann vart slått 3–0. Då var tilskodartalet på 3003. Så er spørsmålet om det blir ny tilskodarrekord for Hødd til kvalifiseringskampen heime mot Jerv komande sundag.