Hødd tok seg etter kvart både kontrollert og nokolunde enkelt vidare frå første runde i cupen. Bortekampen mot Godøy enda med 6-1 siger til dei blåkvite, etter at Hødd hadde 2-0 ved pause. Hans-Erik Eriksen legg ikkje skjul på at det var viktig for Hødd å ta seg vidare, men etter kampen nytta han også høvet til å rose Godøy.

- Det er ei veldig flott ramme. Godøy har jobba godt i forkant for å skape og gjennomføre eit veldig flott arrangement. Dei lagar også skikkeleg kamp for oss, men vi gjer jobben slik som vi skal og vinn derfor ganske komfortabelt, og med lave skuldre.

Eriksen meiner Hødd brukte litt for mange touch på ballen i ein del situasjonar, men at laget alt i alt leverer ein bra kamp og har bra kontroll.

Og sjølv om heimelaget lenge var godt med også på måltavla, så punkterte Hødd kampen fullstendig i løpet av tre minutt i den andre omgangen.

- Avstandane blir større i eit lag som Godøy når dei møter lag som Hødd. Det er ikkje sikkert pausen gjorde dei noko godt heller, for det er fort gjort å stivne litt. Vi har også målscorarar på banen i dag som ikkje treng så mange sjansane for å score mål. Det er viktig for oss at vi fekk igang både Mikke og Joa. Det blei ein bra kamp for oss.

Eriksen valte å gjere ni endringar frå laget som starta mot Ranheim sist, og dermed vart cupkampen eit godt høve for fleire til å kome igang denne sesongen.

- Det er godt at folk får nitti minutt i beina, seier trenaren.

Han stilte med sine to av sine yngste spelarar, Martin Mork Breivik og Sondre Beite, saman på høgresida.

- Sondre viser at har nokre berøringar som svært få andre gjer, og Martin synest eg er stabil gjennom heile kampen og kjem med stor entusiasme i spelet sitt. Begge gjer ein god kamp, meiner Eriksen.