Fotballinteresserte nordmenn har fått med seg at Hødd spelar cupfinale mot Tromsø komande søndag – og enkelte spelarar har vekt meir interesse enn andre.
Etter Helland, er det 16-åringen Fredrik Aursnes og keeper Ørjan Nyland som dreg flest ”klikk”.
Fleire hundre tusen nordmenn nyttar seg av KVASIR sine tenester kvar veke.
- Pål André Helland har vore ein av Hødds viktigaste spelarar i år. Han er ein livleg spelar som er lett å like – og det er derfor forståeleg at mange vil vite meir om han, seier Renate Morken, pressekontakt i Kvasir.
Bak Fredrik Aursnes og Ørjan Håskjold Nyland følgjer Kjell Rune Sellin og Andreas Rekdal.
Kvasir vart lansert i 1995 og er i dag den einaste norske søkemotoren.