Etter sigrar mot MSIL i kvartfinalen og Ørsta i semifinalen venta Tornado Måløy FK i finalen. Då vann Hareid heile 7-0 etter scoringar av August Brandal (4), Håvard Breivik, Bendik Engen og Kim A. Alvestad.

Det var også meir Hareid-jubel i Selje. Rett nok var G14-laget uheldige som tapte semifinalen mot Åheim etter loddtrekning. Men dei slo tilbake og vann 4-3 mot Hordabø i bronsefinalen. Måla vart scora av William Valde Bigset (3) og Adrian Røren.