Hareid skal ha ført kampen, men det hjelper lite når ein slepper inn fire mål og sjølve greier berre å skåre ein gong. Sykkylven leia 2-0 ved pause. Martinus Røyset Bakken reduserte for Hareid. Hareid blir truleg nr 3 i si gruppe med 3 poeng. Dei to trearlaga som har flest poeng går til 1.-divisjon. Hareid sitt håp er at trearlaga i to av dei fire puljene endar på 1 poeng. Det kan skje dersom Herd slår Volda i pulje 3 neste helg. Då blir Volda nr. 3 i pulja med 1 poeng. Frå før er Langevåg blitt nr. 3 med 1 poeng i pulje 4. I tillegg må altså ikkje VIgra/Godøy slå Sykkylven neste helg. Då går nemleg Vigra/Godøy forbi Hareid, som i så fall endar sist i si pulje, melder Hareid IL si nettside.