Dei to vinnarane fekk kvar sin billett til landsfinalen ved Tuftegård i september. Det var klasse 2ID2 ved UVS som arrangerte stemnet og hadde utarbeidt hinderløypa som ungdomane tevla i. Møre og Romsdals idrettskrets hyra inn idrettsklassa, som har jobba med arrangementet i fire veker som ein del av faget “Leiing og intruksjon.” Basismeisterskapen er for alle, uansett kva idrett ein har spesialisert seg i. Her kan dansarar konkurrere på lin linje med fotballspelarar. Ingen skal ha nokon fordel i hinderløypa. Det er dei grunnleggande basisdugleikane som tel. Det var påmeldt 30 gutar og 16 jenter frå ungdomsskular i Hareid, Ulstein, Ytre og Indre Herøy og Sjøholt. Deltakarane konkurrerte i ei variert løype. Dei sprang bl. a. over tønner, drog tjukkas, kasta på blink og køyrde sparksykkel. Styrke, uthald og koordinasjon var viktig for eit godt resultat. I finalen for gutar var det 5 deltakarar, medan 3 deltok i jentefinalen. Erlend Thorseth frå Ulstein sprang inn til ein overlegen seier blant gutane med tida 1.29.55. Anders Pedersen frå Hareid kom på andreplass med 1.37.32, medan Christoffer Remøy frå Herøy kom tredjeplass. Kristine Reite frå Sjøholt tok fyrsteplassen blant jentene med tida 2.00.39, Mia Håkonsholm frå Ulstein kom på andreplass på 2.03.09 - og Karoline Dypvik kom på tredjeplass.