Ut sesongen

Kontrakta går ut sesongen. Paulo dos Santos, som eigentleg er frå Kapp Verde-øyane, kom til Norge i 2000 og spelte i Aafk til og med 2005-sesongen, før ferda gjekk til Haugesund - der han har vore sidan. I år har det vorte mindre speletid for han ettersom Haugesund har fleire utlendingar, slik at andre har blitt prioritert før Paulo. Dos Santos er ein svært teknisk spelar som kan spele i ulike posisjonar på midtbana og i angrep.