Ole Per har nemleg alderen på si side. 40-åringen skal normalt sett ha fleire sesongar att som aktiv seniorspelar, medan Oddvin (som fyller 51 i januar) har kome 11 år lenger i karieren. Men ein skal aldri forskottere noko ... Dei to har Odd Arne Seljeseth som trenar og er i full gang med førebuingane til ny sesong. Etter desse to kjem Arne Runar Vik på 3.-plass på Adelskalendaren med 50 a-kampar. Det må leggast til at Oddvin Kragseth spelte fleire sesongar på Hødd - og fekk mange kampar der.