Hødd starta tysdag oppkøyringa med årets første fellestrening på Høddvoll. Det var også hovudtrenar Joakim Dragsten si første trening etter at han vart klar for klubben nyttårsaftan.

– Det var heilt nydeleg. Det er kjempegodt å vere i gang og kjempefint å møte gjengen og sjå dei i aksjon. Det er jo dette vi lever for, slår Dragsten fast etter den første treninga.

Det er ikkje stort meir enn halvanna veke før laget skal ut i sin første treningskamp, borte mot Sogndal, men før den tid får trenaren litt betre tid til å bli kjend med sitt nye lag.

Kva blir fokus i tida framover?

– Det er å ikkje bli skadde, kome i form og etter kvart jobbe godt med det vi skal få til i sesongen. Den første treningskampen blir ein test i form av at vi møter eit bra lag. Då får vi sjå litt korleis vi står mot neste nivå. Det trur eg er fint å få i starten. Då får vi kanskje sett skapet litt på plass dersom folk trur dei er betre enn dei er, og så kan vi jobbe ut frå det, seier trenaren.

Dragsten er inne på at det er viktig å unngå skader, men det betyr ikkje at det ikkje skal trenast hardt.

– Vi er jo rett på fotball og spel i dag. Det er nok mange som køyrer to-tre-fire fysiske økter før fotballøkt, men eg har veldig tru på at så lenge vi er gode på belastningsstyring og på å følgje opp alle tett, så kan vi starte rett på fotball og trene det fysiske i spel. Det er jo fotball vi skal spele, vi skal ikkje drive med springing, for det er det jo nokre andre i bygda som driv med, smiler Dragsten.

foto
Thomas Lillo vart årets første nysignering i Hødd og den første under Joakim Dragsten.

Nykomar i forsvaret

På hans første trening var det ein del kjende Hødd-fjes, men også ein del nye spelarar som er på Høddvoll for å vise seg fram.

– Vi har framleis tenkt å signere litt nye folk. Det er jo nokre som har forlate oss og det er naturleg å erstatte dei. I tillegg har vi nokre eigne unggutar som får sjansen til å vere med oss no i oppkøyringa. Vi vil nok bruke nokre veker på å lande dei rette spelarane, så no lar vi folk få sjansen, seier Dragsten.

Ein av dei nye på treninga tysdag var Thomas Lillo, som blei første nysigneringa til Hødd under Joakim Dragsten. Midtstopparen kjem til Hødd frå spel i Notodden.

– Det er gøy at eit så stort lag ville ha meg. Det er ei ny utfordring å spele under meir press, for det er det ikkje tvil om at det blir her. Det er høgare forventningar frå både klubb og lokalmiljøet, og det er kult, fortel Lillo.

Kvifor blei det Hødd?

– Det er totalpakken. Då tenkjer eg først og fremst på anlegg, kultur og profesjonaliteten i klubben, som er det eg har vore ute etter. Det var ikkje mogleg å ta eit steg opp til eit høgare nivå, men eg ser på Hødd som eit høgare nivå enn der eg har vore tidlegare, så det er eit steg vidare uansett, seier forsvarsspelaren.

Han kjem til det laget i 2.-divisjon som var mest gjerrige bakover i 2021. Kva kan du bidra med for å gjere det like bra, eller endå betre enn i fjor?

– Det blei vel 18 baklengs i fjor, så då får vi håpe på 17 i år. Mine største styrkar, i tillegg til å vere forsvarsspelar, er med ballen, frispelingar og slike ting. Det å skulle spele ut bakfrå skal ikkje vere noko problem, seier han.

Midtstopparen teikna seg også for fem scoringar for Notodden i 2021 og blei skildra som ein målfarleg forsvarsspelar av Hødd då han signerte.

– For dei som har gjort litt meir research så var det først i sesongen i fjor at eg faktisk har scora litt mål, men eg har ikkje tenkt å stoppe no, seier Lillo.

foto
Keeperen San Mustafa var med på treninga tysdag. Han har tidlegare vore innom junioravdelinga i den svenske storklubben AIK.

Fleire prøvespelarar

Sportssjef Jesper Törnqvist var til stades under årets første trening, der det i tillegg til Lillo var fleire prøvespelarar.

– Vi har med San Mustafa, ein keeper frå Stockholm og tidlegare AIK-junior, som no har spelt for Newroz. Vi har også med Johan Skorge og Knut Erik Myklebust frå Volda. Dei blir her i to dagar. I tillegg har du Eivind Helgesen frå Sogndal, sonen til Trond Helgesen som spelte i Hødd tidlegare. Simen Beck frå Molde, som spelte for Molde 2 i fjor er også med, seier Törnqvist.

I tillegg skal både Fredrik Dimmen Gjerde, Andreas Fjørtoft og Vegard Håheim-Elveseter frå rekruttlaget trene fast med A-laget framover.

Törnqvist seier at Hødd truleg kjem til å ha fleire prøvespelarar på besøk utover i oppkøyringa. No i starten har det hovudsakleg vore temmeleg lokale spelarar som er innom, men klubben ser på forsterkingar både i og utanfor Norge.

foto