Joakim Dragsten og August Nyland Ørsal er godt i gang, medan assistenttrenar Ørjan Heiberg sluttar seg til klubben om ikkje så lenge.

Dragsten vart offisielt tilsett som ny hovudtrenar nyttårsaftan, men var einig med Hødd 23. desember, på 32-årsdagen. Denne veka har han si første arbeidsveke på Høddvollhuset.

– Det er spanande og frigjerande. Eg har gått og gleda meg til dette. Det er jo alltid spanande å kome til ein ny plass, men no er eg installert og klar til å jobbe. Det einaste som manglar no er å få komplettert trenarteamet heilt, så er vi skikkeleg i gang, fortel Dragsten.

God venn med Heiberg

Medan Nyland Ørsal er eit nytt kjennskap for Hødd sin nye hovudtrenar, er ikkje det tilfelle med Ørjan Heiberg.

– Vi har blitt veldig gode kameratar dei siste to åra. Vi har jo eigentleg vore konkurrentar på Romerike, med kvar sitt A-lag der, men etter kvart så sklei det over frå å vere konkurrentar til å bli kompisar og sparringpartnarar. Vi har litt same type innstilling til fotball, utvikling, lagbygging og veldig like tankar om sånt, sjølv om vi kjem frå veldig ulike bakgrunnar, seier Dragsten.

Han legg til at dei to som no blir kollegaer på Høddvoll har følgt kvarandre sine lag tett det siste halvanna året.

– Vi møttest i cupkamp i første runde i 2021. Det var første gongen vi har møtt kvarandre som konkurrentar. Veka før sa eg til han at det blei radiostillheit fram til kampen, sidan han visste alt om laget mitt frå før. Skulle eg kunne endre litt på laget så måtte vi halde munn. Det blir veldig fint å få han inn i teamet og han kjem med litt spelarbakgrunn og praktisk innfallsvinkel på ting, medan eg og August har meir teoretisk bakgrunn, seier Dragsten.

Vakt på NM-VIP

Hans trenarkarriere byrja i Lokomotiv Oslo, før turen gjekk vidare til Eidsvold Turn og no til Hødd, men Dragsten kan også avsløre at han fekk eit spesielt møte med Hødd for om lag ni år sidan.

– Eg flytta til Oslo for å gå på idrettshøgskulen og ta bachelorutdanning i trenarrolla. I løpet av studieløpet jobba eg i Skeid for å få erfaring og praksis. Eg jobba litt der og hadde i tillegg deltidsjobb på G-Sport og på Ullevaal stadion. Eg stod faktisk vakt på VIP-en då Hødd vann cupfinalen i 2012. Der stod eg vakt i dress og tok imot Hødd-spelarane på bankett. Det var artig. Eg trur eg til og med har eit gullskjerf frå den kampen, fortel Dragsten.

Undervegs i studietida vart det etter kvart klart for han at det var trenaryrket han ville prøve seg på, men han tok eit årsstudium i pedagogikk for å ha ein backup.

– Det var vel rundt 2013–14 eg bestemte meg for å satse på fotball, fortel han.

foto
På lån: August Nyland Ørsal er tilsett i Molde, men skal denne sesongen vere rekruttrenar og toppspelarutviklar i Hødd.

Tidleg start

Yngstemann i eit ungt trenarteam på Høddvoll er August Nyland Ørsal. Han byrja også tidleg og sikte seg inn mot trenaryrket og var berre 14 år då han fekk si første trenarrolle.

– Eg har visst at det er noko eg har hatt lyst til å gjere heile tida. Difor starta eg også så tidleg som mogleg.

I Molde har han fått prøve seg i fleire ulike trenarroller, både i Akerakademiet, med aldersbestemte lag og dei to siste åra som hovudtrenar for Molde sitt damelag i 2.-divisjon.

Ørsal er også noko så sjeldan som ein trenar på utlån. Han er nemleg framleis tilsett i Molde, men skal vere i Hødd denne sesongen som rekruttrenar og toppspelarutviklar.

– Det er ein interessant måte å gjere det. Det fungerer jo som om eg er permittert i Molde. Eg har alltid hatt ganske lang kontrakt med Molde, men sidan sist sommar har eg følt på at det kunne vere rett for meg å ta steget ut etter kvart. Eg har kontrakt i Molde ut 2023 og skulle etter planen jobbe med Molde 2 og med spelarane som skal opp mot A-laget, før det blei snudd om når vi fekk til denne interessante moglegheita. Klubbane byrja å snakke saman og då fekk vi til eit utlån.

Ørsal trur eit år på lån i Hødd kan vere nyttig både for hans eigen utvikling og for Hødd.

– Eg trur dette er heilt rett for meg. No får jobbe med Joakim og Ørjan, som har heilt andre erfaringar enn det akademimiljøet eg kjem frå. Det å møte den erfaringa og A-lagstankegangen, og sette den saman med erfaringane eg har frå Molde og all kompetansen som er der på spelarutvikling og korleis vi tenkjer utvikling av einskildspelarar. Det er jo ting vi har gjort her dei første dagane som er heilt nytt for meg, og det er både ekstremt lærerikt og spanande. Eg håpar også at eg kan tilføre både A-laget, rekruttlaget og heile utviklingsløpet i Hødd noko, seier han.

Dragsten trur erfaringane Ørsal tek med seg frå Molde kan vere svært nyttige for Hødd.

– Når vi får inn ein frå kanskje Norges beste toppmiljø så er det mange erfaringar vi kan ta med hit og dra nytte av. Det er gull verdt, slår han fast.

foto
I gang: August Nyland Ørsal og Joakim Dragsten i aksjon under Hødd si første trening i 2022.

Høgt under taket

Den eine plassen på trenarkontoret på Høddvoll står framleis tom ei lita stund til, men det er ikkje altfor lenge til også Ørjan Høiberg er på plass. Korleis blir då rollefordelinga mellom trenarane?

– Vel, eg er jo sjefen då, smiler Joakim Dragsten, før han legg til:

– Vi er jo to hovudtrenarar som går saman som hovudtrenar og assistenttrenar. Vi har snakka litt om dette og eg er ikkje så veldig oppteken av hierarki eigentleg. I eit slikt team er det viktigaste at vi får bruke styrkane våre best mogleg. Ørjan har eit par punkt der han er veldig, veldig god, der eg kanskje ikkje er like bra som han, og då kjem han til å få ansvaret for dei delane av treningsarbeidet, medan eg har mine styrkar på korleis eg leier lag.

Dragsten fortel også at dei to har ulike bakgrunnar taktisk og ulike fotballblikk.

– Difor kjem vi til å ha stor takhøgd for diskusjon og vil kome fram til løysingar saman om korleis vi skal løyse utfordringane best mogleg, og så er det opp til meg å ta avgjerda på kva som er best. Grunnen til at ein har eit kompetent trenarteam er jo at det ikkje skal vere ein som sit og grublar, men at det er tre. Det er ein kjempestyrke, seier trenaren.

Bygge vidare

Dragsten tek over etter Kevin Knappen, som kom til Hødd som 4-4-2-mann, men som avslutta hovudsakleg i 3-4-3. Då Hødd leitte etter Knappen sin erstattar så ønskte dei å få inn nokon som kunne bygge vidare på grunnlaget som er lagt siste åra og Dragsten vil ikkje røske for mykje opp i det han har arva.

– Eg veit ikkje om eg seie at eg har éin fast formasjon. I løpet av mine år som hovudtrenar har eg hatt i alle fall tre eller fire forskjellige formasjonar som utgangspunkt. Vi har bytta formasjon både i løpet av ein sesong og i løpet av kampar. Det kjedelege svaret er at formasjon er ein talkombinasjon og at det viktigaste er kva spelarar som er på banen, kva spelartypar du har og kva styrkar og evner dei har. Det må ein få til å fungere.

Samstundes legg ikkje Dragsten skjul på at måten Hødd presterte på i 2021 viser at ein var inne på noko på Høddvoll sist sesong.

– Ein stor motivasjon for meg er å bygge vidare på det grunnlaget som ligg i laget. Vi skal ikkje bytte ut veldig mange spelarar her og då er det jobben Kevin og Mikkel har gjort som ligg til grunn. Spesielt 3-4-3-en var så vanskeleg å spele mot i fjor at dersom vi klarar å finpusse den, så trur eg vi skal bli vanskelege å slå. Det er utgangspunktet i år, men betyr ikkje at vi alltid kjem til å spele slik, fortel Dragsten.

God utviklingsarena

Hovudtrenaren møtte sitt nye lag to gongar i fjor, men også August Nyland Ørsal hadde eit par oppgjer mot Hødd. Men då mot damelaget. No skal han inn og leie rekruttgruppa i Hødd. Og medan Dragsten har fått litt draghjelp frå Mikkel Bjørnstad og litt meir tid til førebuing, er det meir å sette seg inn i for den nye rekruttrenaren.

– Det gjekk jo ganske kjapt frå eg signerte til eg kom hit, så eg har ikkje hatt så mykje tid til å førebu meg og har ikkje fått sett veldig mykje, men eg har byrja. Mest på A-laget fordi det var mest tilgjengeleg, men eg har byrja å sette meg inn i alle namn og vi har nokre prøvespelarar eg må sette meg inn i. Eg hadde første økta med rekruttgruppa i går og har fått veldig god hjelp frå Jesper Törnqvist, Harald H. Rise, Reidar Vikebakk og dei som er med rundt laget. Så no handlar det å få sette seg inn i dei, bli kjent med korleis dei er og har spelt, og så har vi byrja å implementere nokre idear på korleis vi skal sjå ut der også, fortel han.

Rekruttlaget rykte som kjent opp til 3.-divisjon i fjor, noko som blir eit solid steg opp for spelarane samanlikna med den lokale 4.-divisjonsavdelinga. Det betyr også at dei får prøve seg på eit nivå som er mykje meir samanliknbart med nivået A-laget spelar på.

– Eg trur det er eit kjempeviktig spelarutviklingstiltak å ha eit lag på det nivået. Eg har kjempetru på at Hødd, som har ambisjonar om å vere endå lenger opp, har eit lag i 3.-divisjon. Det er ein veldig bra spelarutviklingsarena.

Samstundes legg han ikkje skjul på at det kan vere tøft for eit ungt rekruttlag å hevde seg.

– Eg jobba inn mot Molde 2 og G19, der vi hadde eit lag som langt ut på hausten frykta nedrykk, med eit G19-lag som vann både NM og Skandinavisk, så det er ein referanse på kvar lista ligg. Det blir veldig spanande.

foto
Ung og lovande: Nyland Ørsal fekk sine første trenaroppdrag allereie som 14-åring og har hatt ulike roller i Molde-systemet sidan då.

Joakim Dragsten meiner spel i 3.-divisjon også vil eit klarare bilete på om rekruttspelarane kan vere klare til å ta steget opp på A-laget.

– Det er kjempeforskjell der på 4.-divisjon og 3.-divisjon som kamparena. Presterer du veke ut og veke inn på rekruttlaget i 3.-divisjon, så er du i alle fall i nærleiken av eit A-lag. Eg har veldig tru på at 3.-divisjon er rett, men det er eit knalltøft nivå.

I Eidsvold Turn har han vore trenar for det som ifølgje klubben var laget med flest lokale spelarar i norsk toppfotball. At også Hødd må ha eit lokalt preg er trenaren klar på.

– Eg har veldig tru på at i norsk fotball treng ein lokale gutar for å skape entusiasme. For ein klubb som Hødd, som kjem frå ein stad som ikkje er den største i norsk fotball, så vil ein nok heller ikkje få det same engasjementet utan lokale spelarar på laget. Ein må ha lokal forankring i gruppa, men ein kan ikkje velje lokale spelarar uansett kvalitet. Det skal vere bra nok også, slår trenaren fast.

Han meiner det blir jobba godt nedanfrå i Hødd og at ein også ser resultata av det på A-laget, med spanande spelarar som kjem opp.

– Berre sjå på Syver (Skundberg Skeide) som tok nivået i fjor og kor god han er på trening. Når du får opp slike unggutar så er det berre å fylle på nedanfrå. Det er også veldig bra jobbing frå Jesper si side med tanke på å finne lokale spelarar i distriktet. Vi har veldig god oversikt over lokale gutar som kan vere gode nok, seier Dragsten.

foto
Trivst med presset: At Hødd leverte ein svært god sesong i fjor og håper å gjere det endå betre denne sesongen gir det Joakim Dragsten kallar eit "deilig forventningspress". Foto: Andreas Bjerknes

Må legge ned jobben

I fjor var Hødd éin kamp unna opprykk til 1.-divisjon, etter det som jamt over var ein svært solid sesong. No er målet at ein skal bli endå hakket betre.

Kva slags press legg det på dine skuldrer?

– Det er eit deilig forventningspress. Eg trivst med å jobbe under press. Samstundes blir det aldri større enn det du sjølv legg opp til sjølv. Eg tok denne jobben fordi eg ser eit kjempepotensial her. Eg er ganske sikker på at dersom vi jobbar godt nok, så er vi eitt av dei beste laga i 2.-divisjon. Men sjølv om vi jobbar godt nok så kan det vise seg at det ikkje var bra nok. Slik var det jo eigentleg i fjor, med 60 poeng og 18 baklengsmål. Det skal vere opprykk i dei fleste tilfelle.

Men 2.-divisjon har blitt svært konkurransedyktig etter omlegginga, og dermed får ein også motstandarar som Fredrikstad i 2020 og Kongsvinger i 2021. Kampen om opprykket blir dermed knalltøff. I fjor vart det berre nesten for Hødd og for Dragsten og teamet hans handlar det difor om at ein må prøve å bli endå litt betre.

– Det er fleire som har like lyst på opprykket som oss, så vi må gjere det vi kan. Då må vi vere like gjerrige bakover, klare å vippe dei jamne kampane i vår favør og spele bra mot topplaga. Då kan det halde til opprykk, men vi må legge ned jobben først og så kan vi telje opp til slutt. Vi jobbar kvar dag for å gjere det så bra som mogleg.

Dragsten fortel at det er nokre område han meiner Hødd kan bli betre på. I fjor blei det til dømes litt for mange uavgjortkampar. Hødd sleppte også inn ein del mål på dødball, samstundes som ein ikkje scora så mange på faste situasjonar.

– Det er naturlege ting å jobbe med. Då er spørsmålet korleis ein vippar uavgjortkampar til siger? Det er mange måtar å gjere det på, men vi har klare tankar på korleis vi skal unngå å spele 1–1 heime. Det trur eg ikkje ein har råd til i ein sesong der målet er å kome heilt på toppen. Så då må vi sjå korleis vi kan få det til å bli ein 2–0 siger i staden for uavgjort. Med å bygge vidare på det vi har og finpusse litt offensive planar, så kan vi vippe det i vår favør. Vi har eit bra lag, seier hovudtrenaren.