Kampane tok til laurdag morgon. Utetter dagen blir det klart kva lag som har kvalifisert seg til mellomspelet, som tek til søndag morgon. Hødd har kome i pulje med Brattvåg, ViGo og Spjelkavik2 - medan Hareid spelar mot Skodje2, Aksla1 og AaFK. Ein kan følgje utviklinga i turneringa på Ørskog IL si heimeside. Denne turneringa er den nest siste i år. Neste helg kjempar senior herrelaga om KM-gullet - i Giske - og også der er Hødd og Hareid med.