- Den dårligaste kampen vi har spelt i løpet av dei tre åra Hødd har vore i 2.-divisjon, sukka trenar Hugo Antonsen etter kampen. Eit noko nervøst Hødd-lag kom aldri til dei store sjansane, spelte dårleg i saman og sprang mykje i mellom. To minutt før full tid sette Margit Jøsok inn Hødd si einaste scoring på eit langskot frå omlag 20 meter. Etter scoringa fekk Hødd eit lite løft og pressa på, men to minutt før slutt er i seinaste laget å sette inn sluttspurten. Sunndal var ikkje noko særleg å skryte av heller. Dei var rett nok effektive, på to sjansar scora dei to gongar. Først etter ti minutt i første omgong då kantspelaren deira fekk legge inn foran mål til ein vaken angripar som sette inn 1-0. Andre målet kom i andre omgang etter 57 minutts spel. I følgje Antonsen er der fleire faktorar som gjer at Hødd er inne i ei dårleg periode. Den mest openlyse er alle skadane som pregar laget. I dag var mellom anna nøkkelspelarar som Maren Moldskred og Andrea Sævik utilgjengelege. Særleg er det belastningar som sett spelarane ut av spel. - Vi ser ofte at dei som startar på idrettslinja blir overbelasta, det er lite vi kan gjere, treningane våre er ikkje for harde, forklarar Antonsen. Neste kamp er mot tabelljumbo Verdal, fram mot då har nok Hødd mykje å jobbe med. Kampen går borte på Verdal kunstgras.
Sport →
Damene tapte
Hødd sitt damelag tapte 1-2 for Sunndal på Høddvoll i dag.