Per i dag (tysdag) har Hødd seld unna alle sitjeplassane i cupkampen mot dei regjerande seriemeistrane frå Molde. Det stadfestar klubben på si eiga heimeside.

Ein kan likevel få kjøpt billettar til ståtribunen.

I følgje marknadskonsulent Lars-Petter Rønnestad, er det 550 ledige plassar ved Hødd-feltet. Det vil også bli seld billettar på kampdagen.

Også Molde-supporterar har høve til å kjøpe billettar utanfor bortefeltet på kampdagen.