Mange skodelystne elevar ved UVS møtte fram i storsalen då Hødd-spelarane Fredrik Aursnes, Christian Mork, Vegard Heltne og Eirik Heltne saman med Tom Vågen vitja skulen.

Fleire fekk sjå, og fleire fekk kjenne på den flotte pokalen som Hødd kjempa til seg på Ullevaal sist sundag.

Litt spesielt var det også for Hødd-spelar nummer 22, Fredrik Aursnes, som sjølv er elev ved skulen og som var ute på Ullevaal si grasmatte for å kjempe om å få kongepokalen heim.

Assistentrenar Sindre Eid påpeikar det gode samarbeidet med UVS og idrettslinja ved skulen.

- Om vi ikkje hadde hatt dette samarbeidet med UVS, hadde ikkje Hødd vore i Cupfinala, seier Eid.

Mange møtte fram for å sjå den flotte kongepokalen. Foto: Erlend Vikene