– Denne karamellen må folk suge på lenge, seier Øystein Muren. Laurdag inviterer butikkgruppa i Ulsteinvik til eit møte med gullheltane.
– Vi oppfattar det slik at det var mange som ikkje rakk å kome seg heim til gullfesten på Sjøborg søndag. Difor synest vi det er på sin plass å stelle i stand eit arrangement under bylaurdagen denne helga, seier Øystein Muren. Han er leiar for butikkgruppa i Ulsteinvik.
Dei har invitert spelarar og trenarar til gullfest i Ulsteinvik sentrum laurdag. Her blir det festlege innslag, taler og intervju, i tillegg til at Kongepokalen sjølvsagt blir vist fram.
– Nokre av spelarane har reist på ferie, men vi håpar at så mange som muleg av dei tek turen, seier Muren.
I tillegg blir det liv og røre med standar, kakesal, gløgg og klementinar rundt om i sentrum.