Klokka 21.20 skal Karsten Warholm springe semifinalen på 400 meter hekk under VM i London.

Men veit den yngre garde kven Karsten er? Vikebladet Vestposten var innom Gnist-barnehagen i Ulsteinvik måndag ettermiddag og snakka med nokre av fire- og femåringane der. Sjå video øvst i artikkelen.

Ulsteinhallen

Dimna IL har bestemt seg for å opne Ulsteinhallen for alle som vil sjå semifinalen måndag kveld.

Arve Hatløy er svært spent for løpet.

Ein av Warholm sine argaste konkurrentar, Kyron McMaster frå Dei britiske jomfruøyane, vart diskvalifisert etter forsøksheatet søndag.

Årsaka var at han trakka på linje i siste sving i løpet.

- Ja, Karsten slepp ein av dei beste i semifinalen, så alt er mogleg, seier Arve Hatløy.