Torbjørn Kallevåg var ein viktig grunn til at Hødd vann enkelt heime over Fana. Eitt mål allereie etter fem minutt og to i den andre omgangen var med på å sikre det som blei ein enkel Hødd-siger, og Kallevåg er no oppe i ti fulltreffarar for Hødd denne sesongen.

– Eg synest dette var veldig bra. Første femten minutta skapte vi vel ein haug med sjansar og vi burde vel eigentleg ha leda med meir enn eitt mål til pause. Det var likevel ein knallbra kamp og veldig kjekt, seier tremålsscoraren.

Sjølv om det blei siger og fire scoringar også borte mot Odd 2, så har mykje butta imot for Hødd den siste tida. Mot Fana dominerte laget fullstendig, men det blei berre med den eine scoringa før pause.

– Det er litt irriterande at vi ikkje scorar fleire, for ein blir litt urolege i pausen. Då må ein vere ekstra konsentrerte, men i dag var vi det gjennom heile kampen og Fana skaper nesten ingenting. Dermed var eg heller ikkje spesielt uroa, men det er klart at når ein stangar og stangar utan å få utteljing så kan det alltids skje noko. I dag var vi likevel såpass mykje betre at eg ikkje var redd for at det skulle gå gale, seier Kallevåg.

Berre minuttet etter kvilen sette Robin Shroot inn 2-0, og dermed var det meste gjort, men Hødd hadde meir på lager.

Funne ein formel som passar laget

Kallevåg sette inn 3–0 etter fine Hødd-kombinasjonar etter 65 minutt, og berre fire minutt seinare sette han inn kveldens finaste etter eit innlegg frå høgresida som var innom Robin Hjelmeseth på vegen over. Kallevåg tok seg tid og prikka ballen opp i lengste hjørnet. Midtbanespelaren meiner Hødd no spelar på ein måte som passar laget godt.

– Når vi spelar med Robin (Shroot) og Robin (Hjelmeseth) på topp så får vi veldig mykje trykk, vi får mykje kombinasjonsspel både i og utanfor 16-meteren og skapar mykje sjansar. Eg trur litt av ”cluet” er at vi har fått inn dei to. Vi kjem også til veldig mykje innleggsmoglegheiter, og det er slik det første målet kjem i dag. Det ser ut til at vi har funne ein formel som passar oss, seier Kallevåg.

På høgresida for Hødd hadde Daniel Eid ein svært god kamp, der han fekk mykje rom å bevege seg i, og var med på å skape ei rekkje målsjansar. Han var også medverkande på både det første og siste målet til Hødd. Eid var godt nøgd etter 4–0 sigeren.

– Vi har begynt å få litt marginar med oss, vi har byrja å putte sjansane våre og det kjennest ut til at det har losna litt. Det er veldig herleg, seier Eid.

Vil bidra offensivt

Etter å ha vore skadd frå mai til ut i august har Eid vore tilbake i laget dei tre siste kampane, og det ser ut til at han funne seg godt til rette i vingbackrolla.

– Eg likar å vere med offensivt og kome rundt på kanten, få lange pasningar slik at eg både kan slå inn tidleg eller ta den med meg framover. Det er herleg og det er godt å få bidra litt.

Det var ikkje langt unna at Eid sjølv kunne teikna seg på scoringslista. Han hadde eit par skotforsøk frå bra posisjonar, men ballen ville ikkje inn denne gongen.

– På første var det nok litt overtenning. Eg gjekk for kraft, men lukkast ikkje der. Det viktigaste er likevel at ein kjem til sjansar, så skal eg byrje å sette dei etter kvart, smiler ungguten.