Han kontrollerte inn til førsteplass i sitt forsøksheat på 400 meter tidlegare på dagen. Og sjølv om det var fleire i dei andre heata som leverte betre forsøkstider enn Karsten Warholm, så var det ingen tvil om kven som var den store favoritten før finalen.

Så seint som torsdag kveld var Warholm i aksjon under Diamond League-finalen i Zürich, der han tok ein andreplass og sette norsk rekord på langhekken. Dette etter ein lang sesong med mange høgdepunkt, som blir avslutta med NM i Sandnes denne helga.

I finalen på 400 meter var det Mauritz Kåshagen som var Warholm sin tøffaste konkurent på papiret.

Allereie ut av første sving var Warholm forbi Kåshagen og Dimna-utøvaren tok fullstendig kommando over løpet. Ut på oppløpet hadde han mange meter ned til nestemann og han sprang inn til 46,44 og eit suverent NM-gull.

Og det er meir i vente frå Warholm, for søndag skal han i aksjon på spesialøvinga 400 meter hekk. Der er han naturlegvis storfavoritt.