Speleplanen for PostNord-ligaen vart publisert onsdag, og den viser at Hødd opnar 2.-divisjonssesongen med bortekamp mot Vard Haugesund. Første serierunde blir spelt måndag 17. april.
Første heimekamp er sett opp laurdag 22. april mot Larvik-laget Fram. Allereie i tredje serierunde møter Hødd det andre laget som rykte ned frå Obosligaen, Bryne, på bortebane.
PostNord-ligaen blir spelt fram til 15. juli, då det blir ei tre vekers sommarpause.
Hødd både startar og avsluttar sesongen med bortekamp, og spelar borte mot Egersund i siste serierunde. Siste heimekampen blir mot Hønefoss 14. oktober.