Og det er Hødd sitt smågutelag (G14 11-ar) som er den heitaste gullkandidaten. Gull kan det fort også bli på G16 11-ar. Litt mindre sannsynleg er det at Hareid G14 niar går til topps, men det er ikkje umogleg.

Her ser du status i dei ulike seriane som spelar om KM-gull, der lokale lag er med:

* Junior (G19): Hødd ser ut til å bli nummer to, tre eller fire i 1.-divisjon. AaFK ligg klart på topp. Hødd har 33 poeng på 18 kampar, Herd 30 på 17 og Langevåg 29 på 17.

* Gutar 16 år – 11-ar: Her kan det bli KM-gull på Hødd. Før Hødd møtte Volda i går leia AaFK med 40 poeng på 16 kampar, medan Hødd stod med 38 på 15. Det skal spelast 18 kampar.

* Gutar 16 år – sjuar: Hasundgot tek tredjeplassen i denne pulja. Hødd 3 i beste fall nummer fem.

* Gutar 14 år – 11-ar: Interessant situasjon her. Langevåg leiar med 13 poeng, men dei er ferdigspelte. Hødd står med 10 poeng, men har to kampar til gode. Målforskjellen er også god. Det betyr at Hødd er tre poeng frå KM-gull.

* Gutar 14 år – niar: Ikkje umogleg for Hareid å ta KM-gull i denne klassen. Har 10 poeng på fem kampar. Tjørvåg leiar med 15 på seks. Det skal spelast åtte rundar. Hødd 2 og Hasundgot kan med gode spurtar kjempe om bronse.

* Gutar 13 år – niar: Serien er ferdigspelt. Hareid tok KM-sølv tre poeng bak Herd. Hødd vart nummer fire.

* Gutar 13 år – sjuar: Laga har igjen to, tre eller fire kampar. Sølv er det mest realistiske å håpe på for Hødd.

* Jenter 16 år – niar: Fjerdeplass er det beste Hareid kan håpe på.

* Jenter 16 år – sjuar: Det er ein teoretisk sjanse for at Hareid kan ta KM-gull, men sølv er mest realistisk.

* Jenter 14 år – niar: Serien er nesten ferdigspelt. Hødd tek KM-sølv. Hareid endar sist i 1.-divisjon.

* Jenter 13 år – sjuar: Her skal det spelast eit sluttspel om KM-medaljane, men ingen av dei lokale laga kom dit. Hareid nummer to, Hødd nummer fem og Hasundgot nummer seks i Søre-pulja.

PS. I 2013 tok Hødd tre aldersbestemte KM-gull ute.