1. omgang:

Dei første ti minutta var ikkje Hødd med i det heile tatt. KBK var derimot friske og skapte heile fire sjansar frå det andre til det sjette minutt. Først hadde Bamba eit farleg skot som Aslak Falch redda. Deretter scora Kalludra frå venstre etter svært slapt press av Hødd. Like etter kunne det stått 0-2, men headinga til Bjerkås vart redda av Falch. Hødd-keeperen varta opp med ei ny god redning på eit forsøk frå Mendy i det sjette minutt.

Etter denne heseblesande perioden kom Hødd seg etter kvart høgare i bana. Om det var bevisst eller ikkje at KBK la seg ganske lågt i bana veit vi ikkje, men Hødd tok i alle fall opp krigen og trykte meir til i duellane. Lenge var kreativiteten og presisjonen på den siste femtedelen bortimot fråværande. Men etter 35 minutt kom endeleg dagens første Hødd-sjanse. Bendik Torset spelte vegg med Benjamin Mork Kleppe før han sette ballen like til side for lengste stong.

Seks minutt seinare fekk Hødd ein halvsjanse ved Benjamin Mork Kleppe. Headinga hans vart redda greitt av KBK-keeper Månnson.

Men då det såg ut som Hødd hadde festa eit grep om kampen slo KBK tilbake. Etter ein innkastsituasjon fekk Bamba eit godt treff frå 20 meter. Ballen gjekk perfekt nede i lengste hjørne. Dermed leia nordmøringane 2-0 til pause.

2. omgang:

Framleis var det altfor mange feilpasningar hos Hødd. Men dei kom til éin stor og ein OK sjanse i løpet av omgangens ti første minutt. Først var det Eirik Ulland Andersen som la inn frå høgre. Joachim Magnussen kunne tilsynelatande score uforstyrra inne i boksen, men datt då han skulle treffe ballen. Den halvstore sjansen kom då Ole Amund Sveen la inn frå venstre. Eirik Ulland Andersen hamna i duell med to motspelarar, men fekk til ei heading som gjekk via ein KBK-spelar og ut. Men dei gode Hødd-taktene var i første omgang berre eit blaff. Kristiansund heva seg og kom til eit par halvsjansar før dei var svært nære 0-3 etter 65 minutt. Kalludra si avslutning hadde retning næraste hjørne, men Aslak Falch redda meisterleg.

Eirik Ulland Andersen var den klart frikaste angrepsspelaren på Hødd denne tysdagskvelden. Etter 70 minutt vart han felt utanfor 16-meteren og tok frisparket sjølv. Det gjekk i muren. Men etter corneren som følgde hamna ballen etter litt om og men tilbake hos Andersen. Han drog seg inn til høgre og la ballen fint i KBK-keeper Månsson sitt lengste hjørne. Dermed 1-2 og ny spenning i kampen. Like etter fekk innbytar Robin Shroot ein OK sjanse som ikkje gav utteljing.

Hødd pressa på. Fire minutt før slutt banka Steffen Moltu ballen over mål på ein fin sjanse etter eit hjørnespark. Hødd la om til tre bak og heiv innpå Robin Hjelmeseth i sluttminutta. Eirik Ulland Andersen noterte seg for eit skot over lengste kryss. Men fleire mål vart det ikkje. Og Hødd gjekk på sitt tredje strake heimetap.

Kampfakta1.-divisjon runde 13Hødd – Kristiansund BK 1-2 (0-2)HøddvollTilskodarar: 1403 selde billettar og sesongkort Mål: 0-1 Kalludra (3), 0-2 Bamba (43), 1-2 Andersen (71)Dommar: Bjørn Hansen, KolbotnGule kort: Wrele (Hødd), Bamba (KBK)Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen (Robin Hjelmeseth 89), Steffen Moltu, Jesper Törnqvist (K), Victor Grodås – Bendik Torset, Joakim Wrele, Ole Amund Sveen – Benjamin Mork Kleppe (Robin Shroot 63), Joachim Magnussen (Franjo Tepuric 63), Eirik Ulland Andersen

Våre liveoppdateringar frå kampen: