Film: Hødds offisielle cupfinalelåt 2012: Stolt på Ullevaal - Exposed To failure

Fantastiske Osberget har produsert filmen og er stolte av resultatet.

-Ein klubb, eit lag og ein cupfinalelåt må sjølvsagt ha ein cupfinalefilm, seier ein engasjert Åge Arne Grimstad, dagleg leiar i Fantastiske Osberget.

Produsenten av filmen er stolt over kva medie- og kommunikasjonsbyrået har fått til på svært kort produksjonstid.

- Vi har dyktige tilsette som har kasta seg ut i det med liv og lyst «frå første spark på ballen», smiler produsenten og trekkjer fram regissør Ragnar Hatlø.

Vår dyktige regissør har fått både musikantar, supporterar, politi, ordførar og heile regionen til å spele på lag og vere med på ein fantastisk film. Det er ein film som spelar på kjensler og regionen vi er så enormt stolte av, seier han.

Regissør Ragnar Hatlø inntok ein auforisk stemning under innspelinga av filmen og har jobba både dag og natt for å kome i mål.

-Det har vore ei fantastisk innspeling. Eg må få trekkje fram alle statistane og alle supportarane som har stilt om seint og tidleg for å vere med i filmen. Også medlemane i gruppa Expose to Failure har blitt både våte og kalde under innspelinga, men ingen sure miner – berre smil og lutter glede å spore, smilar Hatlø.

Filmen vart presentert under ein pressekonferanse på Sjøborg kino torsdag ettermiddag.