Med blårøyken frå Blåsarane sin pyro framleis svevande over de grøne kunstgrasmatta på nye Høddvoll vart kvalifiseringskampen mellom Hødd og Jerv sparka i gang sundag ettermiddag.

Jerv skapte den første halvsjansen på Høddvoll, men der var heimelaget som såg farlegast ut i starten av kampen. Ein rask overgang ende med at Ole Amund Sveen fekk ballen lite utanfor 16-meteren, og indreløparen banka ballen i stolpen bak Øyvind Knutsen. Svært nære ei tidleg scoring for Hødd.

Men medan det small i metallet bak Jerv-keeperen tidleg i kampen blei det ikkje noko stormløp mot bortelaget frå Hødd si side, og Jerv viste også at dei har spelarar av høg kvalitet, og Aslak Falch måtte vere vaken for å hindre eit par småfarlege forsøk frå dei gulkledde.

Dennis Agyare Antwi sette Hødd-forsvaret på prøve då han pressa vekk Steffen Moltu og sette fart mot målet til Aslak Falch. Antwi prøvde seg med ei avslutning frå 20 meter, men den gjekk om lag meteren til side for mål.

Midtvegs i den første omgangen dabba det litt av frå begge lag, og medan Hødd hadde ballen meir enn Jerv var det ingen av laga som klarte å sette eit skikkeleg trykk mot motstander sitt mål.

Etter om lag 35 minutt auka Hødd tempoet framover, først gjennom Fredrik Aursnes som triksa seg framover på høgresida og spelte vidare til Magnus Myklebust som dessverre ikkje fann andre blåkvite i feltet. Like etterpå kom ei ny Hødd-bølgje og denne gongen fekk Eirik Ulland Andersen ballen inne i 16-meteren. Han finta seg forbi to forsvararar, men fekk ikkje losna skotet tidsnok og dermed fekk Jerv blokkert i siste liten.

Deretter gjekk Hødd opp i leiinga etter 36 minutt. Christofer Aasbak vart klipt ned ute på venstresida og Hødd fekk frispark. Det slo Fredrik Aursnes langt inn i feltet der Joakim Wrele hadde teke oppstilling på bakre stolpe. Svensken tok eit par steg bakover og fekk på akrobatisk vis sendt ballen tilbake og inn i det lengste krysset. Ei vakker scoring av Wrele.

Etter scoringa var det mindre som skjedde, men Jerv fekk med seg ein sjanse før laga gjekk inn til kvilen. Henrik Robstad prøvde ei avslutning frå spiss vinkel, men Falch slo ballen over mål til corner. Den blei det ikkje noko av og Hødd kunne gå til pause med 1-0.

Som venta var det Jerv som gjekk hardast ut i den andre omgangen. I byrjinga vart det berre nokre halvgode forsøk, men laget frå Grimstad kom nære i det 50. minutt, då Omoijuanfo fekk stå nesten åleine på bakre stolpe. Jerv sin toppscorar fekk ikkje eit godt treff på ballen, som sklei ut til utspark frå Aslak Falch.

Jerv var igjen nære då Alexander Lind fekk hovudet på eit innlegg frå høgresida, men spissen til Jerv fekk ikkje styrt ballen godt nok og sende den på utsida av stolpen.

Medan Jerv måtte jage utlikning fekk også Hødd sjansar. Ulland Andersen spelte fint til Robin Shroot som frå spiss vinkel sette ballen i keeper Knutsen. No var Hødd meir på i angrep, og Shroot fekk nok eit forsøk blokkert til corner kort tid seinare.

Hødd skapte klart mest i midten av den andre omgangen og etter 71 minutt var Magnus Myklebust nære ved å sette 2-0. Sveen forserte oppover og sleppte til Myklebust på venstresida som prøvde å sette ballen i lengste hjørnet, men keeper fekk slått til corner.

Eirik Ulland Andersen fekk også ei bra moglegheit få minutt seinare, då han vart spelt fram på venstrekanten. Vinkelen blei litt for spiss for Andersen, som prøvde seg på ei avslutning som gjekk til side for mål.

Bortelaget klarte aldri å sette nok press på Hødd-forsvaret, og med vinden i ryggen var det heller Hødd som var nærast å auke leiinga. Eirik Ulland Andersen sette Jerv-keeperen på prøve med eit frispark frå venstresida, men Knutsen slo over til corner.

Etter å ha brukt litt tid nede ved hjørneflagget var det igjen Ulland Andersen som fekk moglegheita frå rundt 18  meter, men ballen gjekk utanfor mål.

Og då fjerdedommar viste at det var lagt til tre minutt tillegg var det bortelaget som utlikna. Etter å ha slite med å få til noko på Hødd sin halvdel fekk Ohi Omoijuanfo stå heilt åleine på bakarste stolpe der han enkelt sette inn 1-1. Ikkje spesielt fortent slik kampen utvikla seg, men det brydde Jerv seg lite om.

38 min: 1-0 Christofer Aasbak vart klipt ned ute på venstresida og Hødd fekk frispark. Det slo Fredrik Aursnes langt inn i feltet der Joakim Wrele hadde teke oppstilling på bakre stolpe. Svensken tok eit par steg bakover og fekk på akrobatisk vis sendt ballen tilbake og inn i det lengste krysset. Ei vakker scoring av Wrele.

Andre omgang

90 min: 1-1 Etter at Hødd har hatt dei største sjansane er det Jerv som utliknar i det kampen går inn i overtida. Omoijuanfo får stå heilt åleine på bakarste stolpe og har ein enkel jobb med å sette inn 1-1.

Ekstraomgangar

Dermed blei det ekstraomgangar på nye Høddvoll og 30 dramatiske minutt for dei 1663 tilskodarane.

Jerv skapte den første sjansen i ekstraomgangane etter eit frispark frå høgresida, men ingen av dei gulkledde fekk hovudet på ballen. Elles vart det ikkje skapt så veldig mykje i den første ekstraomgangen, og laga måtte byte side utan scoring.

Ekstra dramatisk vart det seks minutt ut i den andre omgangen då Steffen Moltu laga frispark på 20 meter. Moltu hadde allereie gult kort, og dommaren drog opp eit andre, og dermed måtte stopparen gå av banen med åtte minutt igjen av kampen.

Ole Amund Sveen gjekk ned i midtforsvaret etter utvisninga, noko som førte til at Hødd mangla litt løpskraft framover i banen, men Jerv såg ikkje ut til å klare å utnytte at dei var ein mann ekstra. Hødd sleit også med å etablere noko særleg angrepsspel og dermed vart straffe meir og meir sannsynleg.

Jerv fekk ei siste moglegheit, men skotet frå 17 meter gjekk godt utanfor målet til Aslak Falch. Og som om det ikkje var dramatisk nok på nye Høddvoll enda det til slutt med straffekonk for å avgjere kven som skal møte Kristiansund i neste kvalikkamp.

Fredrik Aursnes, Torbjørn Kallevåg, Eirik Ulland Andersen og Ole Amund Sveen scora for Hødd, medan Aslak Falch redda Jerv si andre straffe. Michael Karlsen bomma på Hødd si femte.

Deretter var det klart for Joakim Wrele som scora sikkert. Glenn Andersen gjorde det same for Jerv. Christoffer Aasbak sende ballen over mål, og dermed kunne Tobias Collett avgjere. Han sette ballen over Aslak Falch og dermed er det Jerv som tek seg vidare til neste runde i kvalifiseringa. Hødd hadde alt i sine hender, men klarte ikkje å halde unna heilt inn.

Hødd: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes - Magnus Myklebust, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen

Benk: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Sondre Beite.

Jerv: Øyvind Knutsen, Glenn Andersen, Espen Knudsen, Nils Petter Andersen, Henrik Robstad, Christoffer Myhre, Jan Haatveit Jenssen, Andreas Hagen, Dennis Agyare Antwi, Ohi Omoijuanfo, Alexander Lind.

Benk: Jostein Aaland, Dejan Corovic, Christopher MacConnacher, Joachim Edvardsen, Steinar Berås, Kristoffer Tønnesen, Tobias Collett.

Sjå også: Vi skal vise at vi er eit betre lag enn Jerv