- Eg er fornøgd med at vi spelar ein god bortekamp. Skuffa over at vi ikkje får noko ut av det, vi manglar rett og slett det vesle ekstra. Vi får ta med oss det positive til Strømmen-kampen, sa Nilsen like etter kampslutt.
- Men ikkje så veldig underhaldande akkurat?
- Nei. Det får heimelaget stå for. I dag var vi bortelaget, og eg syns det var like daudt i begge endar, humra Nilsen.
- Målet er topp 6
Han har med fleire høve påpeika at det vil variere for eit nykomponert Hødd-mannskap denne hausten. Med 9 poeng ned til nedrykk, og 6 poeng til opprykk er Hødd eit av dei få laga som kan, med litt velvilje, kallast middelhavsfarar i Adeccoligaen. Dei har likevel ein del å spele for – mellom anna topp 6, og kvalikplass.
Sjølv om Nilsen har førespegla seg varierande prestasjonar, så held han på målet sitt om topp 6-plassering.
- Vi har bygd eit nytt lag, og no må vi jobbe hardt kvar einaste dag for å få det til å sitte. For oss gjeld det å ta tre poeng mot Strømmen neste helg. Dersom det skjer, så trur eg vi er fullt med i kampen om kvalikplassane, kommenterte han avslutningsvis.