Litauiske Gintaras Savukynas vert Bergsøy IL Handballs nye sportslege koordinator og herretrenar dei neste to åra. Det opplyste klubben på ei pressekonferanse onsdag.

Savukynas, som mellom anna har ei fortid som spelar i den norske klubben KIF Kristiansand, skal tre inn i ei sportsleg stilling på 50 prosent.

Ei av hovudoppgåvene som koordinator vert å fysisk vere til stades under aldersbestemte sine treningar for å kvalitetessikre arbeidet.

Landslagstrenar

I tillegg til den sportslege stillinga i BIL Handball, og ei stilling ved Frøystad Fiskevegn, skal 42-åringen halde fram som trenar for det litauiske landslaget, som han har trena sidan 2009.

Nestleiar i klubben, Jan Erik Myrseth, er glad over å ha fått den nye trenaren på plass.

- Det har vore leita etter ein ny trenar i lang tid. Vi har vore litt kresne på kva vi ønskjer, men vi har landa på ein person som vi opplever som veldig triveleg og som har den autoriteten vi ønskjer.

Raud tråd

Tilsettinga av Savukynas er ein del av eit tungtsatsande prosjekt som klubben har starta.

- Det skal utviklast, i samarbeid med sportsleg utval i klubben, ein utviklingsstige frå barnehandballen til seniornivå, slik at når spelarane kjem opp på seniornivå har trent riktig, forklarar nestleiar Jan Erik Myrseth og styremedlem Eldar Lillerovde.

- I treningsarbeidet skal det gå ein raud tråd gjennom alderstrinna, legg dei til.