Sparbanken Møre Nattcup gjekk av stabelen i Ulsteinhallen frå fredag kveld til laurdag føremiddag. Dei siste kampane i gruppespelet vart ferdigspelte rundt 07.00 laurdag morgon, og då var det klart for sluttspel.

I ungdomsklassa viste Sevi FC at dei ville vere å regne med i sluttspelet. Etter Gruppesiger med ni poeng og 19-0 i målskilnad i gruppa vart The Crew slått 5-1 i kvartfinala. Også Nederlaget og Koko tok seg vidare til semifinale med kvar sin 1-0 siger, medan paca nah bozi fc måtte ha straffekonkurranse for å ta seg forbi KwaZulu Nathan.

paca nah bozi fc måtte ha straffekonk i semifinalen også, etter at Dani Rønnestad Hansen utlikna til 1-1 for Koko. Erfaringa frå kvartfinalen såg ut til å hjelpe og paca nah bozi fc tok seg igjen vidare, og var no klare for finalen. Der vart det raskt klart at motstander ville bli Sevi FC.

Mot NederLaget i semifinalen var Gustav Dimmen svært ivrig og sette inn tre av fire scoringar for Sevi FC, som til slutt vann enkelt med 4-0. Jakob Sætrenes scora det siste.

Med sine gode prestasjonar fram til finalen var det Sevi FC som måtte sjåast på som favorittar før start, og dei fekk også ein god start då Gustav Dimmen sette inn si 18 av totalt 19 scoringar i turneringa. Samiel Beyene utlikna for paca nah bozi fc kort tid etter, men derifrå og ut var det Sevi FC som dominerte. Johannes Meinseth sette inn det andre, før Dimmen igjen kom på scoringslista. Til slutt sette Håkon Thormodsæter inn 4-1.

Skikkeli go da var skikkeleg gode

I dameklassa gjekk ein rett frå gruppespel til semifinaler. Skikkeli go da møtte dagens LILLE høydepunkt, medan Disosas Kylling gjorde opp mot Kjølås FC. Begge semifinalane var tette og målfattige, men dei to gruppevinnarane Skikkeli go da og Disosas Kylling vann begge med 1-0 etter scoringar frå Vilde Hasund og Birgitte Bjørlykkehaug.

Og medan det var temmeleg jamnt i semifinalene, viste Skikkeli go da seg frå si beste side i finalen. Ellen Nerland Aahjem sikra toppscorartittelen i dameklassa då ho sette inn 1-0. Røa-spelar Vilde Hasund la på til 2-0, før Maria Emilie Skar fastsette sluttresultatet til 3-0 med eit langskot.

Mange jamne kampar i herreklassa

På herresida vart det også spelt 8.-delsfinaler og Sprinterrumpene, Heim til Jul, Kolo Kolo, Tjommi, Inglorious Basterds, Kjellarstua til Dahle, Fryktelig Variant og Yokohama Marinos tok seg vidare til kvartfinalene.

Med mykje fart framover sette Sprinterrumpene standarden tidleg i kvartfinale mot Heim til Jul. Eirik Osborg sette 1-0 før Karsten Warholm sikra sigeren med to scoringar.

Kolo Kolo møtte Tjommi i si kvartfinale og det blei både ein tett og svært spanande kamp. Bam Hide sendte Kolo Kolo opp i leiinga, men Isak Skare Haanes utlikna og kampen måtte avgjerast på straffekonk. Der trekte Kolo Kolo det lengste strået.

I den tredje kvartfinalen måtte også Inglorious Basterd ut i straffekonk for å ta seg til semifinale. Ole Andre Ringstad gav laget leiinga, men Kjellarstua til Dahle svarte og utlikna til 1-1 ved Aleksander Dahle. Dermed straffer, der Inglorious Basterds viste seg sterkast.

Også den siste kvartfinalen var av det jamne slaget, då Yokohama Marinos slo ut Fryktelig Variant. Petter Worren scora det einaste målet i kampen og sikra semifinaleplassen.

Der møtte Yokohama Marinos Ingloriuos Basterds. Jørgen Vinjevoll scora eitt og Henrik Grimstad scora eitt, og sikra Basterds finaleplassen med 2-0.

I den andre semifinalen vart det klart jamnare. Kolo Kolo pressa på og tvinga fram nokre gode redningar frå keeper Joakim Rødven. Og der Kolo Kolo sleit med å sette ballen i mål viste Mathias Grimstad korleis det skulle gjerast då han heada inn 1-0 til Sprinterrumpene frå nesten død vinkel. Dermed såg det ut til at at dei grønkledde skulle ta seg til finalen, men like før slutt fekk Kolo Kolo frispark i god posisjon og Johannes Sundgot fekk lurt inn utlikninga og sikra dermed straffekonkurranse.

Nils-Erik Engen traff ikkje spesielt godt på si straffe, som vart redda av keeper Ulrik Sylte og dermed kunne Kolo Kolo ta seg til finalen om dei scora. Johannes Sundgot gjorde som på frisparket like før slutt og lurte ballen forbi Joakim Rødven og sende Kolo Kolo til finalekamp mot Inglorious Basterds.

Medan semifinalene hadde vore temmeleg jamnspelte viste Kolo Kolo musklar frå start i finalen. Johannes Sundgot heldt fram der han avslutta i semfinalen og scora tidleg for Kolo Kolo. Peter Hasund la på til 2-0 kort tid seinare, og då Bam Hide sette 3-0 var kampen i hovudsak avgjort. Jørgen Vinjevoll tende eit lite håp for Inglorious Basterds med si 3-1 scoring, men Saki Ushey sette spikaren i kista med 4-1 kort tid seinare. Dermed ein solid siger for det unge Kolo Kolo-laget.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka.