Åge Hareide er trenar i den svenske eliteserieklubben Malmö og har dei to siste sesongane teke klubben til gruppespelet i Chamipons League. No kan det sjå ut til at 62-åringen, som opphavleg kjem frå Hareid, er på veg til Danmark og stillinga som landslagssjef.

Tysdag rauk Danmark ut av EM-kvalifiseringa etter tap i play-off mot Sverige, og det er no slutt for den mangeårige trenaren Morten Olsen. Ifølgje Dansk TV2 er Hareide mannen som truleg vil leie det danske landslaget etter Olsen.

- Mine svenske kilder fortel at det svenske fotballforbundet kontakta Hareide om å ta over etter Hamrén, men Hareide måtte fortelle at han alleiere var i dialog med DBU (det danske fotballforbundet), rapporterer TV2 sport sin fotballkommentator Flemming Toft.

Hareide var norsk landslagssjef i perioden 2003-2008.

- Eg erfarer at DBU og Hareide berre har formelle ting å snakke om, og at kontrakta blir underskrive i løpet av dei komande dagane, melder Toft.