Hødd 2 vann måndag 4–0 borte mot Larsnes/Gursken. Laget har no ni poeng ned til Volda med tre kampar att av sesongen. Hødd 2 har også såpass mykje betre målskilnad enn voldingane, at det skal ekstremt mykje til for at Hødd 2 ikkje skal ende sesongen som avdelingsvinnarar.

Men for å sikre dette gode utgangspunktet før dei tre siste serierundane, måtte Hødd 2 gjennom ein tøff kamp på River Plate. Larsnes/Gursken har ikkje vore inne i si beste periode den siste tida, medan Hødd 2 kom frå ein overbevisande 8–0 siger over FK Sykkylven.

Denne gongen vart det mykje jamnare og det heile opna med få sjansar, men mykje feilpasningar og manglande presisjon.

Heimelaget gjekk aggressivt til verks og gjorde det dei kunne for å hindre sine blåkvite motstandarar. LGFK lukkast også godt med det, og det tok 17 minutt før bortelaget skapte noko som minna om ein målsjanse, men på ”heimebane” fekk ikkje Magnus Myklebust godt nok treff frå 15 meter og ballen sigla nokre meter til side for mål.

Farlegare blei det minuttet seinare, då Isak Haanes vann ballen på midtbanen og kunne ta med seg ballen åleine mot keeper Olav Rekdal. Haanes venta ut keeper og spelte ballen vidare til Badr Rahhaoui, som kunne sette inn kampens første mål på enkelt vis. Målet var likevel ikkje utan kontroversar, for heimelaget var overbeviste om at Rahhaoui var i ein offsideposisjon i det ballen vart spelt.

Heimelaget var også svært misfornøgde fem minutt før pause, då dei meinte keeper Sivert Pieroth tok i ballen med hendene utanfor 16-meteren. Dommaren såg det ikkje slik og gav i staden frispark til sisteskansen.

LGFK kom ikkje til særleg med sjansar i den første omgangen, men hadde eit halvfarleg forsøk etter eit frispark, som Hødd 2 fekk rydda opp i.

Bortelaget var nærare og spesielt Håkon Botn Brautaset burde nok gjort det betre då han skaut over frå 15 meter ti minutt før pause. Botn Brautaset vart fint spelt fram av Isak Haanes, men avslutninga stod ikkje i stil.

Opnare i andre

Det var dermed framleis heilt ope då laga gjekk til pause. Hødd 2 gjorde fleire endringar frå start i den andre omgangen, med Gustav Dimmen, Bam Hide og Daniel Haanes som erstattarar for Badr Rahhaoui, Magnus Myklebust og Preben Sætre. I tillegg måtte Peter Hasund ut tidleg i den første omgangen med ei skade, og vart erstatta av Sander Djupvik.

Hødd 2 opna den andre omgangen med å ha bra kontroll på spelet, men utan å skape det heilt store. Omgangens første sjanse var det i staden LGFK som fekk, etter at dei etablerte eit solid trykk inne på bortelaget sin halvdel, men det næraste ein kom var eit skot som Bam Hide blokkerte i femmeteren. Heimelaget sin første store sjanse kom etter 64 minutt, Leiv Sindre Muren fekk heade fritt i feltet, men avslutninga gjekk rett på Sivert Pieroth, som enkelt tok seg av headinga.

Utnytta overgangane

Men så skulle det meste handle om bortelaget. Etter 69 minutt slo Bam Hide ein nydeleg ball i bakrom mot Gustav Dimmen. Han heldt unna ein forsvarar, sette fart mot mål og fekk pirka ballen forbi keeper. Eit fint angrep og ei scoring som gav rekruttane ro i laget.

No fekk Hødd 2 fleire og fleire overgangar, og etter 81 minutt var det innbytar Isak Skotheim som flott spelte fram Håkon Botn Brautaset på høgresida. Han sette fart mot linja og slo inn framom mål der Isak Haanes dukka opp og sette inn kveldens tredje. Og no skulle det ikkje ta meir enn tre minutt før nummer fire låg i nettet. Gustav Dimmen tvinga fram ei redning frå LGFK-keeperen, men han klarte ikkje å halde ballen og på returen dukka Isak Skotheim opp og fastsette sluttresultatet til 0–4.

LGFK hadde ein bra sjanse på slutten, men Anders Vaagen trefte ikkje mål frå god posisjon.

Dermed enda det med det som til slutt vart ein kontrollert siger for bortelaget, sjølv om Hødd 2 ikkje presterte opp mot sitt beste. Heimelaget skal likevel ha ros for å lenge ha gjort det svært vanskeleg for serieleiarane.

Ingen "wow"-kamp

– Vi spelar ein førsteomgang litt under pari. Vi har nokre sjansar i tillegg til målet, men har spelt betre førsteomgangar enn i dag, og det er jamt ganske lenge, seier trenar Einar Mange Skeide.

Han synest bortelaget fekk betre kontroll på kampen utover i den andre omgangen, og at det til slutt var fortent at poenga blei med tilbake til Ulsteinvik.

– Lokaloppgjera blir ofte tøffe i starten, men vi har erfaring med at det ofte opnar seg litt opp utover i kampen. Vi var derfor rolege sjølv om det var tett ganske lenge. Vi spelar ingen "wow"-kamp, men vinn temmeleg kontrollert og hevar oss ein del i den andre omgangen.

Det i ein omgang der Hødd 2 stilte temmeleg ungt, og der Martin Mork Breivik var einaste på laget som var over junioralder.

No peikar alt på at det blir opprykk for Hødd 2, men kampen mot LGFK gav også ein peikepinn på noko av det laget må bli betre på før ein truleg skal opp i 3.-divisjon.

– Vi slepper til to store sjansar på dødball i denne kampen, og det har vi slite litt med i heile år. Skulle vi rykke opp så må vi verte mykje betre på dette til neste år, for det er slikt som ein blir mykje hardare straffa på i 3.-divisjon. Vi er ikkje så duellsterke, men vi jobbar med saka, seier Skeide.

Kampfakta:

Larsnes/Gursken - Hødd II 0 - 4 (0-1)

River Plate

Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven

Gule kort: Aleksander Rekdal, Gustav Dimmen, Sander Djupvik.

Mål: 0-1 Badr Rahhaoui (17), 0-2 Gustav Dimmen (69), 0-3 Isak Haanes (81), 0-4 Isak Skotheim (84)

Hødd: Sivert Pieroth - William Fjørtoft, Martin Mork Breivik, Aleksander Rekdal, Preben Sætre (Bam Hide 46) - Peter Hasund (Sander Djupvik 10), Elias Flø (Isak Skotheim 61), Isak Haanes - Håkon Botn Brautaset, Badr Rahhaoui (Daniel Haanes 46), Magnus Myklebust (Gustav Dimmen 46)