Hasundgot og Hareid 2 var naboar både geografisk og på tabellen før kampen på Hasundgot stadion onsdag kveld.

Heimelaget hadde starta haustsesongen med to strake sigrar, medan Hareid 2 har vunne ein og tapt ein etter sommarpausen.

To avslutningar, to mål

Dei første minutta skjedde det ikkje veldig mykje, men det skulle endre seg etter om lag sju minutt. Etter eit innlegg frå Hareid 2 si høgreside var Thor-Ove Brekke sterkast i feltet og fekk heada inn kampens første mål. Bortelaget i leiinga med kampens første avslutning, men det var berre starten.

Minuttet seinare var Brekke på farta igjen. Denne gongen vart han spelt fint fram på venstresida, og angriparen fekk rom på hjørnet av Hasundgot sin 16-meter der han fyrte i veg eit skot som gjekk opp i lengste hjørnet. Ei flott scoring og ekstremt effektivt frå ”Thoro”.

Den tøffe starten såg ut til å prege Hasundgot dei første 20 minutta. Etter dei to kjappe scoringane skjedde det lite framom måla, men Hasundgot fekk ikkje rytme på spelet sitt.

Hasundgot reduserer

Etter 22 minutt kom Lars Henrik Solheim Hasund inn for heimelaget. Det skulle gje nærast umiddelbare resultat. Kort tid seinare fekk nemleg Hasundgot corner, og i mølja som oppstod framom mål var det Solheim Hasund som fekk sendt i veg ei avslutning som fauk inn i nettmaskene til 1–2. Tre scoringar på kampens tre første avslutningar på mål.

No fekk også heimelaget litt betre fasong på eige spel, utan at dei skapte veldig mykje. Sander Gjerde og Ruben Muren hadde brukbare skotforsøk, men utan at det vart veldig vanskeleg for Ulrich Kurseth i Hareid-målet.

Thor-Ove Brekke var enormt effektiv i opninga på kampen og jakta eit kjapt hat-trick utover i omgangen, men Hasundgot-keeper Joakim Rødven var med på notane då Brekke prøvde seg på ein kopi av si andre scoring.

Nære scoring

Like før pausen hadde Hasundgot nokre halvsjansar, men utan at det vart verkeleg farleg. I staden heldt Fredrik Fagerli Abrahamsen på å sette inn 1–3. Først fekk han skyte upressa frå 16 meter, men rett i armane på keeper, før han fekk ei kjempemoglegheit etter ein dødball. Her kunne han berre ha plassert ballen i mål, men blei for ivrig og blåste ballen over og utanfor.

Før pause hadde Hasundgot ballen ein heil del, og hadde ein viss kontroll på banespelet, medan Hareid var farlegare på overgangar. I den andre omgangen tok Hasundgot endå meir over, men heller ikkje i denne omgangen klarte heimelaget å skape veldig med sjansar.

Den første store i den andre omgangen gjekk også til Hareid. Håvard Bjåstad sette også ballen i mål, men etter eit angrep på keeper i forkant vart det korrekt annullert.

Aadland utliknar

Overtaket i banespelet førte til at Hasundgot fekk ein del dødballar og det var også slik utlikninga skulle kome. Midtvegs i den andre omgangen fekk heimelaget frispark på mellom 20 og 25 meter. Fram kom ein av nykomarane i Hasundgot-laget denne hausten. Ivar Andre Aadland spelte for Hareid 2 så seint som i 2015 og onsdag scora han sitt første mål for Hasundgot mot nettopp Hareid 2. Keeper var i nærleiken av frisparket, men klarte ikkje å stoppe ballen frå å gå inn og dermed 2–2.

Det blei også sluttresultatet og Hareid 2 har framleis eit topoengs forsprang på Hasundgot. Resultatet var nok ingen av laga heilt nøgde med, men begge trenarane kom til slutt fram til at det truleg var greitt nok.

– Vi taper nok to poeng på dei første ti minutta i dag. Det er litt irriterande, men etter den starten må vi nok seie oss greitt nøgde. Eg synest vi er betre enn dei, men det er ikkje alltid dei hjelper. Thor-Ove Brekke var veldig effektiv og han var også ein trugsel gjennom heile kampen. Vi var ikkje på frå start og det straffa seg. Kanskje var vi litt for komfortable etter å ha vunne to på rad og trudde at det skulle kome av seg sjølv, seier Hasundgot-trenar Lars Breivik.

Hareid 2 sin spelande trenar Einar Orten Trovåg meiner bortelaget leverte den beste opninga.

– Vi scorar to mål, men er også det beste laget første halvtimen. Hasundgot gjer nokre byter, der Lars Henrik Hasund kjem inn og Ruben Muren går djupare i bana så han kan møte ballen oftare, og då hevar dei seg mykje. Siste kvarteret av førsteomgangen vart vi slitne, men Hasundgot scorar på sin første sjanse og det er vel greitt med 1–2 til pause. I den andre omgangen er Hasundgot best, det er ikkje noko å diskutere. Vi har tre innbytarar og litt ut i den andre omgangen så har vi nokre skadar, og må berre sette inn halvskadde spelarar. Då må vi berre prøve å ri det av, og det er litt irriterande at dei scorar på ein ny dødball, men 2–2 er heilt greitt. Eg trur ikkje nokon av laga synest det er veldig feil med uavgjort, seier Orten Trovåg.

Han rosa også dei to laga for at ein klarte å halde ein gemyttleg tone, og at det aldri utvikla seg til å verte nokon stygg kamp. Og sjølv om det var ei og anna småsein takling og kanskje ein feilaktig offside eller to, meinte han også at dommar Oddbjørn Hatlehol frå Brattvåg gjorde ein fin figur.

Som nemnt var det ikkje den store troppen Hareid 2 stilte med på Hasundgot stadion, og Orten Trovåg legg ikkje skjul på at ein gjerne skulle hatt nokre ekstra spelarar.

– Dersom det er nokon som kan tenkje seg ein kjapp overgang, så er det berre å ta kontakt.

PS: Hasundgot stilte med to debutantar i denne kampen. Isak Sundgot og Elling Haddal Våge har tidlegare spelt aldersbestemt fotball i Hødd, men fekk onsdag sine første seniorkampar for Hasundgot.