Karsten Warholm kontrollerte greit inn til finaleplass i sitt forsøksheat på 400 meter under NM i friidrett. Warholm såg aldri ut til å vere spesielt truga, og det var ikkje store fartsøkninga som måtte til på veg mot mål for å sikre førsteplassen i heatet. Vinnartida vart 49,58, ei ganske beskjeden tid til Warholm å vere, men det var nok heilt etter planen. Finalen på 400 meter går seinare i ettermiddag, medan det er finale på 400 meter hekk sundag.

Ådne Andersen kvalifiserte seg til finale på 800 meter fredag kveld. Som oppvarming til finalen kvalifiserte han seg også til finalen på 1500 meter med eit løp på 3.58,94. Trygve Feidje Mjelde sette fart frå start på 1500 meteren og var i leiinga frå start til mål. Mot slutten kom hovedfeltet opp i ryggen på leiaren, men Mjelde heldt unna. Dei seks beste frå kvart heat gjekk vidare til finalen. Ådne Andersen tok femteplassen i sitt heat, men såg ut til å ha bra kontroll.

Nicolas Roppen Masters sprang forsøk på 200 meter tidlegare i dag. Det enda med tida 23,02 og ein femteplass i heatet, men dessverre ikkje godt nok til ein semifinaleplass.

Fekk det tungt i 800-finalen

Første finale for Ådne Andersen var 800 meter. Der var det full gass frå start, og Andersen fekk ein tung jobb med å halde følgje. Spesielt brørne Thomas og Per Andreas Roth sette stor fart og det var også dei to som kom først over streken, med Jakob Ingebrigtsen på ein tredjeplass. Ådne Andersen sprang inn til sjuandeplass med tida 1.52,52. Persen hans er 1.52,10 og han måtte ha "persa" med over halvanna sekund for å blande seg inn i medaljekampen.