Hareid var torsdag på tur til Hundeivik stadion for møte med FK Sykkylven. Sist veke vart det tap etter ein sein scoring frå Emblem, og Hareid hadde nok eit sterkt ønske om å slå tilbake, men fekk ein tung start i Sykkylven.

Bengt Hole Alnes, som utlikna på overtid mot Hareid tidlegare i år, sende heimelaget i føringa etter 14 minutt. Det var einaste målet i den første omgangen, men FK Sykkylven dobla leiinga etter 58 minutt. Sjølv om det berre vart ei scoring i den første omgangen, skulle det bli ein skikkeleg målfest mot slutten.

Hareid-kaptein Ruben Kenneth Brandal reduserte to minutt seinare med eit bra skot, men Hole Alnes gav FK Sykkylven tomålsleiing på ny etter 73 minutt. Då same mann sette inn 4-1 åtte minutt før full tid var det lite som tyda på Hareid-poeng, men to scoringar frå ungguten August Julian Brandal skapte spenning på tampen. Dessverre kom aldri utlikninga frå Hareid og den enda 4-3 til FK Sykkylven.

Det vart spelt to andre kampar i 4.-divisjon torsdag. Emblem slo Langevåg 2-0, medan Skarbøvik vann heile 6-1 mot Godøy.