Hareid spelar sin tredje 4.-divisjonskamp for året i kveld. Motstandar på bortebane er MSIL (Mauseidvåg og Solevåg IL). Hareid opna med 3-1-tap borte mot Blindheim, men slo tilbake og vann 3-1 heime mot Valder fredag sist veke.

I kveld må Hareid klare seg utan allsidige Marius Rise, som spelte spiss og scora to mål mot Valder. På plussida er forsvarsspelarane Ole André Kragset og Antoni Gardshol tilbake.

I følgje Hareid-fotballen si nettside blir desse spelarane med til Mauseidvåg:

1. Håkon Lonbakken 2. Joachim Martin Moldskred 4. Audun Kåre Øvrelid 5. Kim-Tore Husøy 6. Eiliv Tore Howlid 7. Thor-Ove Brekke 20. Georg Eikrem Olsen 10. Ørjan Engen Grimstad12. Vagn Scheide Mork 13. Joar Møller 15. Martin Mork Breivik 17. Lars Andreas Folkestad 18. Fredrik Andresen9. Ole Andre Nevstad Kragset 24. Hiwa Alipoor 26. Christer Adrian Mork 29. Antoni Gardshol 31. Ivar Andre Aadland

Hovudtrenar Hans Gisle Holstad er i USA fram til helga som kjem. Hjelpetrenarane Vidar Vollsæter og Ruben-Kenneth Brandal har leia treningane den siste tida.

Alle kampane i tredje 4.-divisjonsrunde går i kveld. Her er runden med VV-tipsa: Stordal - Godøy (H), MSIL - Hareid (U), Valder - Skodje (U), Blindheim - Norborg (H), Emblem - Rollon (U), Ørsta - ÅVK (H).

Tidlegare Hareid-kampar:

* Hareid - Valder 3-1* Blindheim - Hareid 3-1* Norborg - Hareid 2-3 (generalprøve)