(Hødd 2.-lag 2-1 Bergsøy) Sjølv om det var eit skikkeleg pjuskevêr på Høddvoll, hadde mange teke turen for å sjå Hødd 2.-lag serieopne mot nabolaget Bergsøy måndag kveld.

Som ei følgje av at den utsette kampen mellom Hødd og HamKam, var det seks a-lagsspelarar å finne i troppa som skulle møte gjestane frå Herøy. Både Robin Hjelmeseth, Ruben-Kenneth Brandal, Bendik Torset, Eirik Heltne, Jan-Lennart Urke og nykomaren Tobias Vibe var å finne i startoppstillinga hjå Kenneth Moldskreds lag.

Men det var ein annan spelar som skulle skyte fart i oppgjeret.

Hødd best i starten

For allereie etter om lag elleve minutt sleit bortelaget å klarere eit innlegg frå Henrik Gjengår. Det enda til slutt med at ein Bergsøy-spelar sparka ballen via Benjamin Mork Kleppe og i eige mål.

Dryge ti minutt før pause dobla Torset leiinga til 2-0 etter eit skot frå langt hald. Det kunne sjå ut til at ballen gjekk via eit bein eller to, som sette keeper Sander Nyland ut av spel.

Berre nokre minutt seinare reduserte Kestutis Deueika for gjestane etter at han fekk gå uhindra opp og stange inn 2-1 på eit hjørnespark.

- Ein ekte kjøtkamp

I den andre omgangen vart det meir og meir Bergsøy, medan Hødd måtte leggje om spelestilen sin. Regnvêret og kampbiletet elles la opp til eit fysisk kampklima, noko som passa Bergsøy godt. Utover i omgangen kom herøyværingane til ei rekkje moglegheiter til å utlikne, men det ville seg ikkje.

Gode keeperprestasjonar frå begge laga sørgja for at det ikkje kom fleire mål etter kvilen.

Sjølv om Moldskreds menn vart tvinga til å endre spelestilen sin i andre omgang, likte han det han såg frå laget sitt.

- Eg tykkjer vi får ein god start der vi får spele den fotballen vi er vande med, medan vi får ei utfordring i andreomgang der vi må spele fotball som vi ikkje er så vande med. Det blir ein ekte kjøtkamp dei siste 45 minutta, men all honnør til gutane som stod i mot, skryt Hødd-trenaren.

Emosjonell Vicente

I den andre trenarboksen stod 3.-divisjonsdebutanten Hugo Vicente som fekk sin fyrste kamp i norsk fotball som trenar. Portugisaren legg ikkje skjul på at i slike kampar er det vanskeleg å ikkje bli emosjonell.

- Eg er ikkje trist, men eg er ikkje glad. Vi dominerte den andre omgangen, men to feil i den fyrste gjer at det blir slik det blir. I ein slik kamp blir ein fort litt emosjonell. Om vi ikkje fortente tre poeng så meiner eg i alle fall at eitt poeng hadde vore rettferdig, forklarar han.

KAMPFAKTA3.-divisjon avd 9.Hødd 2.-lag - Bergsøy 2-1 (2-1)Høddvoll kunstgrasbaneCa. 120Mål: 1-0 Benjamin Mork Kleppe (12.), 2-0 Bendik Torset (35.), 2-1 Kestutis Deueika (40.)Dommar: Torgeir Halsen, Åram/Van.kamGule kort: Fredrik Muren, Kestutis Deueika, Frank Sverre Skorpen (BIL)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Torvald Ringstad (Eirik Kristiansen, 81), Mathias Grimstad, Tobias Vibe, Ruben-Kenneth Brandal - Eirk Heltne, Henrik Grimstad, Bendik Torset (Markus Hjorthaug, 45) - Henrik Gjengår, Robin Hjelmeseth, Benjamin Mork Kleppe (Eirik Bringsvor, 81)

Heider:Mathias Grimstad ***Henrik Gjengår **Eirik Heltne *