Hareid tok imot Godøy fredag kveld i rundens siste kamp. Hareids kaptein Ørjan Engen Grimstad måtte stå over kampen på grunn av ein skade i tåa.

Kampens første angrep var signert Hareid, då Georg Olsen la inn frå venstre til Ola Kalvø Vattøy som heada utafor. To minutt seinare skapte Godøy sin første sjanse. Hjørnesparket frå venstre sida heada Erlend Holmen like over mål. Berre eitt minutt seinare scora kapteinen til Godøy dagens første mål. Ei bakromspasning frå midtbanen til Godøy over midtforsvaret til Hareid tok Sven Harald Nyvoll godt imot og var heilt aleine med keeper då han sette 0-1. Etter seks minutt måtte dagens Hareid-kaptein Kim-Tore Husøy gi seg grunna ein nakkeskade. Han gav kapteinsbindet til Eiliv-Tore Howlid. Og minuttet etter bytet utlikna Howlid etter ein corner frå Vattøy. Men det varte ikkje lenge. I det 13. og 27. speleminuttet scora Sven Harald Nyvoll to like mål som 0-1-målet. 1-3 var stillinga til pause. Det var greitt nok, sjølv om Hareid heva seg nokre hakk siste kvarteret.

Etter kvilen tok Hareid fullstendig over og spelte god fotball lenge, noko som også gav resultat. Etter 53 minutt gjorde Olsen eit flott arbeid då han vann ballen frå Godøy-forsvaret før han slo ut til Christer Adrian Mork - som reduserte for Hareid. Fire minutt seinare fann innbytar Hiwa Alipoor Olsen rundt 16-meteren. Han serverte til Vattøy, som utlikna for Hareid. Sju minutt seinare kunne Mork score sitt andre mål då han skaut over målet etter at ein corner blei slått frå høgresida. Siste kvarteret begynte Godøy å vere med i spelet igjen og skapte eit par halvsjanser før dei scora dagens siste kamp seks minutt før ordinær tid var ute. Etter 84 scora Sven Harald Nyvoll både sitt og laget sitt fjerde mål. Nyvoll stod på fem-meteren og putta inn 45 graders pasning som kom frå venstre sida. Dei siste seks minutta i tillegg til tilleggstida pressa Hareid med heile laget for å utlikne, men det fekk dei aldri til før dommar Bjarte Eldar Steinsbu blåste av kampen.

Veldig dårleg start av Hareid. Men spesielt første halvtimen av 2. omgang spelte Hareid veldig god fotball, og det var nok av sjansar til å avgjere kampen.

Hareid-trenar Hans Gisle Holstad sa følgjande etter kampen:

- Vi får ein rett og slett katastrofal start på kampen som endar med at vi får tre mål imot. Men så begynner vi å gjere dei rette tinga. Då sit alt på plass, og vi spelar god fotball. Vi vinn 2.-omgangen som vi har gjort dei fleste kampar hittil i år. Men så kjem Godøy og scorar eit mål på slutten som var trist for oss. Veldig trist.

Neste torsdag får Hareid ny sjanse då dei skal mot Ørsta på bortebane. Kampstart klokka 18.30. Jan Helge Lund frå Godøy IL dømmer.

Kampfakta

4.-divisjon, runde 6

Hareid - Godøy 3-4 (1-3)

Hareid Stadion

84 tilskodarar

Mål Hareid: Hovlid (9), CA Mork (53), Vattøy (57)

Mål Godøy: Sven Harald Nyvoll (5,13,27,84)

Dommar: Bjarte Elda Steinsbu, Brattvåg IL – 5

Gule kort: Nicolai Rud, Godøy.

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork – Joachim Moldskred (Antoni Gardshol 84), Eiliv-Tore Howlid, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joar Møller – Ola Kalvø Vattøy, Martin Mork Breivik, Kim-Tore Husøy (Audun Øvrelid 7), Georg Eikrem Olsen – Marius Rise, Christer Adrian Mork (Ole Andre Kragset 80).

Stjerner i tysdagsnummeret.